Skåmedalen: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Småpuss |
s →Kjelder: Reidar Tveito |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind VI, 2009, side 317–319 | *[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind VI, 2009, side 317–319 | ||
*[[Reidar Tveito]], ''[[Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra]], andre del, side 14–19 | |||
== Kart == | == Kart == | ||
Versjonen frå 12. februar 2022 kl. 20:52
Skåmedalen er eit dalføre på heia vest for Skomedal i Bygland. Skåmåni renn gjennom dalen og ned dalsida til Otra frå vest. Sør i dalen ligg det svære myrområdet Skomefita. Det går skogsbilveg (bomveg) bratt opp lia til Skåmedalen frå Riksveg 9 på Skomedal.
Gamal busetting
Det er sterk tradisjon om rydding og gamal busetting i Skåmedalen. Johannes Skar har skrive mykje om dette i Gamalt or Sætesdal. Det er åkerreiner og merke etter åkrar til dømes i Jørundli, på Longeli og på Ormholtet. Her er det også rydningsrøyser. Etter nedgangen midt på 1300-talet blei dei gamle gardane støylar, medan folka busette seg nede på den smale jordstripa mellom heia og fjorden.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, 2009, side 317–319
- Reidar Tveito, Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra, andre del, side 14–19