Skåmedalen: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ny side |
s Lenkefiks |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Skåmedalen''' er eit dalføre på heia vest for [[Skomedal]] i [[Bygland]]. [[ | '''Skåmedalen''' er eit dalføre på heia vest for [[Skomedal]] i [[Bygland]]. [[Skåmåni]] renn gjennom dalen og ned dalsida til [[Otra]] frå vest. Sør i dalen ligg det svære myrområdet [[Skomefita]]. Det går skogsbilveg (bomveg) bratt opp lia frå [[Riksveg 9]] på Skomedal. | ||
== Gamal busetting == | == Gamal busetting == | ||
Versjonen frå 12. februar 2022 kl. 19:44
Skåmedalen er eit dalføre på heia vest for Skomedal i Bygland. Skåmåni renn gjennom dalen og ned dalsida til Otra frå vest. Sør i dalen ligg det svære myrområdet Skomefita. Det går skogsbilveg (bomveg) bratt opp lia frå Riksveg 9 på Skomedal.
Gamal busetting
Det er sterk tradisjon om rydding og gamal busetting i Skåmedalen. Johannes Skar har skrive mykje om dette i Gamalt or Sætesdal. Det er åkerreiner og merke etter åkrar til dømes i Jørundli, på Longeli og på Ormholtet. Her er det også rydningsrøyser. Etter nedgangen midt på 1300-talet blei dei gamle gardane støylar, medan folka busette seg nede på den smale jordstripa mellom heia og fjorden.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, 2009, side 317–319