Setesdal vidaregåande skule: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde: Valle vgs
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde: Hovden skigymnas
Line 18: Line 18:
Hornnes gymnas 020521-2.jpg
Hornnes gymnas 020521-2.jpg
Setesdal vidaregåande skule, Valle.jpg
Setesdal vidaregåande skule, Valle.jpg
Hovden skigymnas 120117 (2).jpg
</gallery>
</gallery>



Versjonen frå 8. februar 2022 kl. 10:19

Setesdal vidaregåande skule ligg i Setesdal i Agder, og er ei samanslåing av dei tre skulane; Hovden-, Hornnes- og Valle vgs. Planlegginga av den nye skulen starta for alvor hausten 2005, og dei tre skulane blei til ein frå 1. august 2006. Skulen har ca. 80 tilsette og rundt 340 elevar.

Det er om lag 15 mil mellom Hornnes i sør og Hovden i nord. Difor er skulen den «lengste» i Norge.

Jens Petter Røed er rektor ved skulen og den øvste administrative og pedagogiske leiaren. Han overtok etter Birgit Attestog. Susan Furrebø er avdelingsleiar på Hornnes (fagleg og pedagogisk ansvar). Trond Haugom er også avdelingsleiar på Hornnes, med fagleg og pedagogisk ansvar for teknologi- og industrifag, bygg- og anleggsteknikk og fengselsundervisning i Agder fengsel avdeling Evje. Åshild Bødal er administrasjonsleiar (økonomisk og administrativt ansvar for alle merkantile tenester ved skulen, drift og vedlikehald av bygningsmassen, eksamensansvar, IKT-tenester, HMS-arbeid, drift av Elevheim og kantine). Avdelingsleiar på Hovden er Per Bård Torvik (fagleg og pedagogisk ansvar). Avdelingsleiar i Valle er Ewald Assmann (fagleg og pedagogisk ansvar).

Kjelder

Sjå også

Bilde