Breistøl: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Sjå også: Hagan
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder: orto
Line 11: Line 11:


==Kjelder==
==Kjelder==
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeven av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 84 og side 390-394
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeven av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 84 og side 390–394
*[[Oddmund Mogstad]], ''Seterdrift i Evje og Hornnes'', [[Arnstein 2011]], side 50
*[[Oddmund Mogstad]], ''Seterdrift i Evje og Hornnes'', [[Arnstein 2011]], side 50
*[[Alf Georg Kjetså]], ''[[Hornnes mi heimbygd (bok)|Hornnes mi heimbygd]]'', 2017, side 102
*[[Alf Georg Kjetså]], ''[[Hornnes mi heimbygd (bok)|Hornnes mi heimbygd]]'', 2017, side 102

Versjonen frå 3. mai 2021 kl. 21:12

Fil:Breistøl - Kjetså 141014 (2).jpg
I dag står bare murane att i Breistøl.

Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså - NeregardenKjetså i Hornnes. Han ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før ein kjem til Tveit i Hornnes austfrå.

Plassen er nemd som øydegard i 1794. Den vidgjetne bjørneskyttaren Nils Olson Breistøl, som var fødd i 1808, er mellom dei som har budd på plassen. Ein annan er sonen til Nils Breistøl, Lars Bristol (Lars Nilsson Breistøl). Han var fødd i 1848, og flytta til England og tok Bristol til etternamn. Han vart ein kjend oppfinnar. Ein tredje er Lars Nilsson Breistøl, fødd 1846. Han var gift med Anna Jensdotter Breistøl (fødd 1861). Lars og Anna fekk 16 barn saman. Det var Nils, Gunhild, Randi, Anna, Jens, Ragnhild, Asbjørn (d. tre veker gamal), Asbjørn, Jorand, Olav, Kari, Albert, Salve, Targerd, Osmund og Anders. To av barna drog til Danmark og gifta seg der. Dei andre blei verande i bygda. Lars og Anna er såleis opphavet til ei stor slekt på Kjetså og andre stader.

I dag er «gamle» Breistøl for lengst lagt ned. Men ein kan ennå sjå murane etter husa på staden.

Sjå også

Kjelder

Ekstern lenke