Landsverk (Evje og Hornnes gnr. 54): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Utvidet litt + ekstra kilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Småpuss
Line 1: Line 1:
[[Fil:Landsverk Evje, nordre, gamle murer 150913.jpg|miniatyr|høyre|Bare murar står att etter bygningane som ein gong var på garden. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}} ]]
[[Fil:Landsverk Evje, nordre, gamle murer 150913.jpg|miniatyr|høyre|Bare murar står att etter bygningane som ein gong var på garden. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}} ]]
'''Landsverk''' (Landsverk, nordre) er ein gard (gnr. 54) i [[Evje]], i skogen sør-vest for [[Flåt nikkelgruve]]. [[Evje og Hornnes kommune]] eig grunnen. Garden er for lengst fråflytta. Bare nokre murar står igjen i terrenget og viser kor husa stod. [[Evje Mineralsti]] går gjennom garden. I området ligg også dei fem [[Landsverkgruvene]].
'''Landsverk''' (Landsverk, nordre, øvre) er ein gard (gnr. 54) i [[Evje]], i skogen 500–600 m sør-vest for [[Flåt nikkelgruve]]. [[Evje og Hornnes kommune]] eig grunnen. Garden er for lengst fråflytta. Bare nokre murar står igjen i terrenget og viser kor husa stod. [[Evje Mineralsti]] går gjennom garden. I området ligg også dei fem [[Landsverkgruvene]].


== Historie ==
== Historie ==

Versjonen frå 26. januar 2024 kl. 18:54

Fil:Landsverk Evje, nordre, gamle murer 150913.jpg
Bare murar står att etter bygningane som ein gong var på garden.

Landsverk (Landsverk, nordre, øvre) er ein gard (gnr. 54) i Evje, i skogen 500–600 m sør-vest for Flåt nikkelgruve. Evje og Hornnes kommune eig grunnen. Garden er for lengst fråflytta. Bare nokre murar står igjen i terrenget og viser kor husa stod. Evje Mineralsti går gjennom garden. I området ligg også dei fem Landsverkgruvene.

Historie

Landsverk blei skild ut frå Odde i mellomalderen. Til langt ut på 1800-talet var garden eigd av forskjellige privatpersonar.

Evje nikkelverk kjøpte Landsverk-garden i 1890. Først budde stigeren i Flåt-gruva her. Seinare blei det ingeniør-bustad. Den mest kjente av dei var Steinulf Smith-Meyer, som budde på Landsverk med huslyden sin frå sist på 1920-talet til eit stykke ut på 1940-talet. Men ingeniørane dreiv ikkje garden. Det gjorde ein forpaktar. Han hadde eit lite hus på andre sida av gardstunet. Frå 1929 budde familien Gunleiv Stokkeland i Drengstova. Dei var på Landsverk til midt på 1960-talet. Då flytta dei ned til sentrum i Flatebygd, og garden blei ståande tom. Husa brann ned på 1970-talet, då det var leirskule på Landsverk.

Kjelder

Kart

Laster kart ...