Fjordgløtt rekkebustad: Skilnad mellom versjonar
lenkefiks |
typo |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Fjordgløtt 2011.jpg|miniatyr|Bustadene ligg inn til Jernbanegata{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]] | [[Fil:Fjordgløtt 2011.jpg|miniatyr|Bustadene ligg inn til Jernbanegata{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]] | ||
[[Fil:Fjordgløtt, brann 2012.jpg|miniatyr|Brannen natt til 5. desember 2012{{byline|Reidar Tveito}}]] | [[Fil:Fjordgløtt, brann 2012.jpg|miniatyr|Brannen natt til 5. desember 2012{{byline|Reidar Tveito}}]] | ||
'''Fjordgløtt, tidlegare «Breidablikk Appartments»''', er ei tømra husværerekke i sentrum av Byglandsfjord. Dei 6 bustadane er sett opp av maskinlafta tømmer i 1980, og høyrde opphaveleg til [[Breidablikk Kro]], og var meint til utleige for turistar. Seinare eigarar har seld ut bustadane kvar for seg. | '''Fjordgløtt''', tidlegare '''«Breidablikk Appartments»''', er ei tømra husværerekke i sentrum av Byglandsfjord. Dei 6 bustadane er sett opp av maskinlafta tømmer i 1980, og høyrde opphaveleg til [[Breidablikk Kro]], og var meint til utleige for turistar. Seinare eigarar har seld ut bustadane kvar for seg. | ||
==Brann== | ==Brann== | ||
Versjonen frå 6. desember 2012 kl. 14:26


Fjordgløtt, tidlegare «Breidablikk Appartments», er ei tømra husværerekke i sentrum av Byglandsfjord. Dei 6 bustadane er sett opp av maskinlafta tømmer i 1980, og høyrde opphaveleg til Breidablikk Kro, og var meint til utleige for turistar. Seinare eigarar har seld ut bustadane kvar for seg.
Brann
Natt til onsdag 5. desember 2012 braut det ut brann i eit av husværa, som spreidde seg til neste bustad innan brannmannskap frå Setesdal Brannvesen, frå Byglandsfjord, Evje og Bygland fekk kontroll over brannen. Det budde folk i desse to husværa, medan dei andre var tome. Ingen vart alvorleg skadd under brannen, men brannfolka hadde ein sur jobb med sløkking i 12 kuldegradar. Doble skiljeveggar av tømmer mellom husværa har nok vore ei bremse for spreiing av brannen, som tok til i enden av rekkja nærast Jernbanegata.