Jordskred på Langeid 1892: Skilnad mellom versjonar
s Årstall |
s fix |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
'''Jordskred og fjellras,''' det har det vore mang ei gong i [[Setesdal]] gjennom tidene. På [[Lauvdal]] gjekk det eit stort ras i [[1794]], så stort at det vart omtala i den einaste avisa Noreg hadde på den tida, ''Norske Intelligenssedler''. Og på [[Langeid]] gjekk det eit ras i [[1968]]. Då kom restar av den tyske anleggsvegen frå krigens dagar rausande ned i dalbotnen. Dette hender gjerne i samband med mykje regn, eller i vårløysinga. | '''Jordskred og fjellras,''' det har det vore mang ei gong i [[Setesdal]] gjennom tidene. På [[Lauvdal]] gjekk det eit stort ras i [[1794]], så stort at det vart omtala i den einaste avisa Noreg hadde på den tida, ''Norske Intelligenssedler''. Og på [[Langeid]] gjekk det eit ras i [[1968]]. Då kom restar av den tyske anleggsvegen frå krigens dagar rausande ned i dalbotnen. Dette hender gjerne i samband med mykje regn, eller i vårløysinga. | ||
==''Jordskred under flaumen''== | |||
''Meldaren vor i [[Bygland]] skriv at flaumen gjorde stor skade i bygdi. Soleis øydelagte ei jordskreda ein husvaaning paa Langeid i [[Austad]] sogn. Husi stod i ein bratt bakke. Tidlig ein morgon losna jordi ovanfor husi og rasa nedyver, tok med seg huset heilt ned til vegen. Huslyden fylgde med. Veggjer, toke, golv, bord, krakkar, sengjer, alt gjekk i knas. Men reint eit under var det: Ingen av dei som i huset var, kom til skade.'' | |||
[[Kategori: Avisutklipp fra eldre tider]] | [[Kategori: Avisutklipp fra eldre tider]] | ||
Versjonen frå 24. november 2012 kl. 11:49

Jordskred og fjellras, det har det vore mang ei gong i Setesdal gjennom tidene. På Lauvdal gjekk det eit stort ras i 1794, så stort at det vart omtala i den einaste avisa Noreg hadde på den tida, Norske Intelligenssedler. Og på Langeid gjekk det eit ras i 1968. Då kom restar av den tyske anleggsvegen frå krigens dagar rausande ned i dalbotnen. Dette hender gjerne i samband med mykje regn, eller i vårløysinga.
Jordskred under flaumen
Meldaren vor i Bygland skriv at flaumen gjorde stor skade i bygdi. Soleis øydelagte ei jordskreda ein husvaaning paa Langeid i Austad sogn. Husi stod i ein bratt bakke. Tidlig ein morgon losna jordi ovanfor husi og rasa nedyver, tok med seg huset heilt ned til vegen. Huslyden fylgde med. Veggjer, toke, golv, bord, krakkar, sengjer, alt gjekk i knas. Men reint eit under var det: Ingen av dei som i huset var, kom til skade.
Kjelde
- Fædrelandsvennen: For 75 år siden, oktober 1892, 21. oktober 1967.