Olav Neset: Skilnad mellom versjonar
s →Politisk engasjement: rettet skrivefeil |
s →Politisk engasjement: kilde |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
==Politisk engasjement== | ==Politisk engasjement== | ||
Han har vore med i [[Bygland Høgre]] sidan 1991 og kom inn i [[Bygland kommunestyre]] og [[Bygland formannskap]] det året. Han var då med i fleire andre utval. Partiet fall ut av kommunestyret i 2003, då [[Bygland Bygdeliste]] kom inn i politikken, og i perioden frå 2007 kom han ikkje inn i formannskapet, men vart leiar av [[Kontrollutvalet i Bygland]]. Frå 2011 er han varaordførar i Bygland. Ved kommunevalet i 2019 blei han på nytt vald inn i kommunestyret, for perioden 2019-2023. | Han har vore med i [[Bygland Høgre]] sidan 1991 og kom inn i [[Bygland kommunestyre]] og [[Bygland formannskap]] det året. Han var då med i fleire andre utval. Partiet fall ut av kommunestyret i 2003, då [[Bygland Bygdeliste]] kom inn i politikken, og i perioden frå 2007 kom han ikkje inn i formannskapet, men vart leiar av [[Kontrollutvalet i Bygland]]. Frå 2011 er han varaordførar i Bygland. Ved kommunevalet i 2019 blei han på nytt vald inn i kommunestyret, for perioden 2019-2023.<ref>[https://www.bygland.kommune.no/oversikt-over-stemmetillegg-og-personstemmer.6245758-295156.html Om kommunevalet 2019 på heimesida til Bygland kommune]</ref> | ||
Utanom å vere aktiv jeger er det ikkje så mykje meir han rekk når han skal vere vert på ein campingplass som har 30-40.000 gjestedøgn år om anna. | Utanom å vere aktiv jeger er det ikkje så mykje meir han rekk når han skal vere vert på ein campingplass som har 30-40.000 gjestedøgn år om anna. | ||
Versjonen frå 14. september 2019 kl. 06:03
| Olav Neset | ||
|---|---|---|
| ||
| Født: | 9. oktober 1955 (70 år) | |
Olav Neset (fødd 9. oktober 1955) er vert på Neset Camping i Bygland kommune. Han vaks opp på Neset og gjekk på skule på Byglandsfjord, så i Grendi og på Bygland før han reiste til Kristiansand Handelsgymnasium og tok artium der i 1975. Deretter dreiv han campingen i fem år om sommaren og var reiseleiar i Europa, Asia og Amerika i fem år om vinteren. I 1983 utdanna han seg til revisor på Agder Distriktshøgskole. Deretter arbeidde han nokre år som revisor i Kristiansand. Han var deretter nokre år sjølvstendig revisor i Bygland og dreiv kontoret saman med campingplassen, som han hadde overteke i 1978. I 1995 avslutta han revisorarbeidet og gjekk over til å drive reiseliv på heiltid.
Reiseliv
Han har vore aktiv i reiselivssamanheng i lang tid. Han var på sitt første landsmøte i Norges Campingplassforbund i 1975. Der vart han og formann og var det heilt til forbundet gjekk inn i Forbundet for Overnatting og Servering. Der sat han og i lnadsstyret i nokre år. I samband med dette tok han til å reise på reiselivsmesser, Det har vore ein viktig aktivitet for han og han har vore på reiselivsmessene Vacantibeurs i Utrecht, CMT i Stuttgart, Caravana i Leeuwarden, Reisen i Hamburg og Free i München. Desse messene har nærare ein million besøkjande, og arbeidet har stor betydning for reiselivet i Setesdal og Norge, ettersom han kunne ta med Setesdalsbrosjyra på messene.
I januar 2015 fekk han Wohlgefühlplatz-Award des Euro Motorhome Clubs på CMT i Stuttgart.[1]
Politisk engasjement
Han har vore med i Bygland Høgre sidan 1991 og kom inn i Bygland kommunestyre og Bygland formannskap det året. Han var då med i fleire andre utval. Partiet fall ut av kommunestyret i 2003, då Bygland Bygdeliste kom inn i politikken, og i perioden frå 2007 kom han ikkje inn i formannskapet, men vart leiar av Kontrollutvalet i Bygland. Frå 2011 er han varaordførar i Bygland. Ved kommunevalet i 2019 blei han på nytt vald inn i kommunestyret, for perioden 2019-2023.[2]
Utanom å vere aktiv jeger er det ikkje så mykje meir han rekk når han skal vere vert på ein campingplass som har 30-40.000 gjestedøgn år om anna.
Referanser
- ↑ Varaordførar fekk internasjonal pris. Artikkel i Setesdølen nr. 7, 2015 side 11
- ↑ Om kommunevalet 2019 på heimesida til Bygland kommune
Kjelde
- Opplyst i samtale 14. oktober 2011
