Amalie gruve: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
Inkje endringssamandrag |
||
| Line 21: | Line 21: | ||
== Kjelder/litteratur == | == Kjelder/litteratur == | ||
*[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 271-272 | *[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 271-272 | ||
*[https://www.norgeskart.no/?_ga=2.143831542.2111513278.1550333080-125852862.1550333080#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=12.017630348486167&lat=6575520.37&lon=85041.29&markerLat=6575110.800887647&markerLon=84910.8061011831&panel=searchOptionsPanel&sok=Amalie-gruve norgeskart.no] | |||
== Referansar == | == Referansar == | ||
<references/> | <references/> | ||
Versjonen frå 16. februar 2019 kl. 19:09
Amalie gruve er ei nedlagt kopargruve eit lite stykke aust for sørenden av Ramvatn i Straumsheia i Setesdal Austhei i Valle.



Gruva ligg på toppen av ein amfibolittås, omlag 790 moh. Dei koparførande pegmatittgangane er avdekka langt bortover i terrenget, med grøfter og skjeringar i ei lengde på 200 meter. I tillegg til grøftene, er det frå aust til midt i gruvefeltet skote ut ein stoll som går vidare gjennom ein slepesynk og opp til ei skjering.[1] Pegmatitten i gruva inneheld hovudsakleg feltspat med litt kvarts, litt muskovittglimmer og noko granat. Koparmalmen her er koparglans med litt brokut kopar (bornitt).
Gruva er ein del av eit større gruvefelt, Straumsgruvene, i området rundt nordenden av Straumsfjorden. Fleire dreiv etter kopar her, frå midt på 1600-talet til rundt 1850. Amalie gruve kom i drift då Det Sæthersdalske Kobberværk starta stor gruvedrift i Straumsheia, med smeltehytte i Åraksbø i Bygland, i åra 1845-1850.
Kjelder/litteratur
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 271-272
- norgeskart.no
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 75