Torgeir Drengson Bjørnaraa: Skilnad mellom versjonar
kat og rydding |
s flyttet Torgeir Bjørnarå til Torgeir Drengson Bjørnarå |
(Ingen skilnad)
| |
Versjonen frå 24. september 2010 kl. 00:09
Torgeir Drengson Bjørnarå (fødd i Valle 8. april 1864 og død 27. november 1951 i Asker) var naturforteljar, journalist og lærar. Han populariserte naturvitskap og vart den fremste naturskildraren på landsmål.
Biografi
Han tok eksamen ved Kristiansand seminar i 1983 og var journalist og lærar mange stader i mange år. Han arbeidde i redaksjonen til Fedraheimen, var huslærar hjå Lars Liestøl og lærar ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord. I 1890 starta han bladet Sæbyggjen i Kristiansand. Frå 1909-29 var han overlærar på Stord lærarskule. Han var med i mange lag og organisasjonar og var stortingskandidat for Arbeidarpartien i 1909 og 1912.
Med sine gode forteljingar og artiklar vart han den fremste naturforteljaren på landsmål. I 23 år skreiv han kvar laurdag ei dyresoge i bladet Socialdemokraten. Han skreiv elles mykje i nynorske blad, og frå dette samla han 10 bind Dyresogor (1916-25.)
Bjørnarå-gåva var meint å gjevast til gåverike elevar i Bykle og Valle.
I 1938 tok han initiativet til Setesdalsmuseet, og han gav samlingane sine til museet og Valle kommune. Før noverande museum vart bygt var denne bokgåva grunnstamma for Valle folkebibliotek. Det var visst over 4000 bind.
Heider
Han var æresmedlem i The National Geografic Society i USA.
Kjelder:
- Ottar Grepstad: "Viljen til språk", Allkunne, Fedraheimen.