Skinneglopp: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Lagt til et par kategorier |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
[[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | [[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | ||
[[Kategori:Byglands geografi]] | |||
[[Kategori:Hellere]] | |||
Versjonen frå 14. mai 2018 kl. 15:31

Skinneglopp er ein heller ved Heddeneset nord for Åraksbø i Bygland. Han ligg noko utilgjengeleg ned mot vassflata i Åraksfjorden.
Segn
Ein katt blei i si tid jaga av nokre hundar, og rymte inn i Skinneglopp. Han kom seg ikkje ut igjen, men kraup inn i eit hol i fjellet og blei borte. Han skal seinare ha kome ut att heilt aust i Tovdal, i følge Gunvor og Guttorm Dale. Andre kjelder meiner han kom ut på Skore eller borte ved Tovslid i Fyresdal.
Aanund Tveitå og Kristen Dale var på tur til Skinneglopp då dei var ungdomar på 1950-talet. Dei firte seg heilt ned til helleren med tau. Dei undersøkte høgt og lågt etter sprekkar som katten kunnne smette inn i. Til slutt måtte dei konkludere med at ingen katt kunne ha kome seg inn i fjellet, i alle fall ikkje slik helleren var då.
Kjelder
- Aanund Tveitå, Besøk ved Skinneglopp i Austad sokn, artikkel i Jol i Setesdal 2010, side 26-27