Rosenlund sag: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s →Kjelder |
s Lagt til et par kategorier |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
[[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1912]] | [[Kategori:Etableringer i 1912]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Evje og Hornnes]] | |||
[[Kategori:Evje]] | |||
Versjonen frå 9. mars 2019 kl. 11:55
Foto: Geir Daasvatn
Rosenlund sag er eit nedlagt sagbruk ved Oddeåna, rett nord for Oddefossen og tett ved Gautestadvegen, i Evje.
Historie
Olav Lund bygde sagbruket i 1912, saman med grannen Nils Odde. I 1916 bygde dei endå eit sagbruk, Odde Sagbruk ved Beinsbru lenger nede i Oddeåna. Då dei hadde bygd desse to sagbruka, delte dei sagbruka mellom seg. Olav Lund fekk Rosenlund aleine.
Rosenlund sagbruk blei til å begynne med driven av eit stort vasshjul i Oddefossen. Seinare blei dette fjerna, og saga fekk tilkopling til elektrisk straum. Olav Lund dreiv saga til han døydde. I dag eig Evje og Hornnes kommune saga. Kommunen leiger bygningen ut til Oddestemmen steinsliperi.
Kjelder
- Oppslag/plakat ved sagbruket
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemnd, 1990, side 200