Jordalsbø: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Fjernet et bilde som hørte til Lidi |
s Presisert en kategori |
||
| Line 18: | Line 18: | ||
{{kart|58.85405832549709,7.824292945442721~Jordalsbø}} | {{kart|58.85405832549709,7.824292945442721~Jordalsbø}} | ||
[[Kategori:Bygland]] | [[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | ||
Versjonen frå 25. desember 2017 kl. 12:14

Foto: Geir Daasvatn
Foto: Geir Daasvatn
Jordalsbø er ei grend i Bygland kommune, omlag tre kilometer nord-aust for Bygland sentrum, mellom Lidi i sør og Skreland i nord. Forbi Jordalsbø i sør renn Søråni. På norsida renn Nordåni. Mellom dei to elvane ligg Jordalsbø.
I gards- og ættesoga for Bygland skriv Reidar Bolling:
«Jordalsbø hallar mot sør-vest med små sletter og bratte bakkar. Jorda er god, djup og moldrik. Men ho er steinut og dyr å dyrke, noko som steinrøyser og steingjerde tydeleg vitnar om».
Historie
Grenda har namn etter den gamle garden Jordal. Han må ha femna om heile det noverande Jordalsbø. Garden var dela i høgmellomalderen, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.
Kjelder
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 254
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 519-564