Hopp til innhald

Austenå: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke gamle kyrkjegard
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Lagt til Salve Austenå
Line 7: Line 7:
Det er funne fleire gravhaugar på Austenå, på vestsida av Tovdalselva. Det har såleis sikkert budd folk her frå før landet vart kristna. Her er det også merke etter [[Austenå gamle kyrkjegard|ein gamal kyrkjegardsmur]], og graver kring han. Langt tilbake i tid er det derfor truleg at det budde flest folk på Austenå, for kyrkjene blei oftast reist i sentrum. Segna seier at det kom folk frå både [[Fyresdal]] og [[Setesdal]] for å gravlegge sine døde ved kyrkja på Austenå. Seinare blei kyrkja flytta lenger ut i dalen, til [[Hillestad]].
Det er funne fleire gravhaugar på Austenå, på vestsida av Tovdalselva. Det har såleis sikkert budd folk her frå før landet vart kristna. Her er det også merke etter [[Austenå gamle kyrkjegard|ein gamal kyrkjegardsmur]], og graver kring han. Langt tilbake i tid er det derfor truleg at det budde flest folk på Austenå, for kyrkjene blei oftast reist i sentrum. Segna seier at det kom folk frå både [[Fyresdal]] og [[Setesdal]] for å gravlegge sine døde ved kyrkja på Austenå. Seinare blei kyrkja flytta lenger ut i dalen, til [[Hillestad]].


Birgit Gunsteinsdotter Austenå kom frå Tovdal og gifta seg med [[Mikkjel Gunnarson Skomedal]] i [[Nordgarden (Bygland gnr. 34 bnr. 1)|Nordgarden]] på [[Skomedal]] i [[Bygland]]. Dette var på andre halvdel av 1600-talet. Med Birgit kom såleis det seinare så kjende Gunstein-namnet inn på Nordre Skomedal. Birgit hadde to søstre, Mari og Anne d.y., som også blei gift til Bygland. Mari blei gift med [[Per Jørundson Sandnes]] på bnr. 4 på [[Nordre Sandnes]]. Anne blei først gift med [[Olav Åsulvson Bygland]] og seinare [[Gjermund Tallakson Nerhus]] (Bygland bnr. 1). Lokalhistorikaren [[Sigmund Monen]] i [[Evje og Hornnes]] kjem frå småbruket Monen på Austenå.
Birgit Gunsteinsdotter Austenå kom frå Tovdal og gifta seg med [[Mikkjel Gunnarson Skomedal]] i [[Nordgarden (Bygland gnr. 34 bnr. 1)|Nordgarden]] på [[Skomedal]] i [[Bygland]]. Dette var på andre halvdel av 1600-talet. Med Birgit kom såleis det seinare så kjende Gunstein-namnet inn på Nordre Skomedal. Birgit hadde to søstre, Mari og Anne d.y., som også blei gift til Bygland. Mari blei gift med [[Per Jørundson Sandnes]] på bnr. 4 på [[Nordre Sandnes]]. Anne blei først gift med [[Olav Åsulvson Bygland]] og seinare [[Gjermund Tallakson Nerhus]] (Bygland bnr. 1). Spelemannen [[Salve Austenå]] kom frå Austenå. Lokalhistorikaren [[Sigmund Monen]] i [[Evje og Hornnes]] kjem frå småbruket Monen på Austenå.


== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 9. desember 2019 kl. 23:12

Fil:Austenå Tovdal 300617.jpg
Austenå 30. juni 2017. I framgrunnen Tovdalselva.
Fil:Monen Austenå Tovdal 040317.jpg
Noko av Austenå med småbruket Monen i framgrunnen.
Foto: Geir Daasvatn
Fil:Austenå Tovdal 040317.jpg
Fv-272 gjennom Austenå. Den gamle skulestova til høgre.
Foto: Geir Daasvatn

Austenå er ein gard (gnr. 7) og ei grend nord i Tovdal i Åmli kommune. Fv-272 går nordover frå Bås til Austenå og vidare til øvste garden i Tovdal, Dale. Tovdalselva renn forbi Austenå. På dette strekket vidar elva seg ut, og lagar Vrålstadvatnet. Nord for Austenå lagar elva den store fossen Staddaren.

Historie

Det er funne fleire gravhaugar på Austenå, på vestsida av Tovdalselva. Det har såleis sikkert budd folk her frå før landet vart kristna. Her er det også merke etter ein gamal kyrkjegardsmur, og graver kring han. Langt tilbake i tid er det derfor truleg at det budde flest folk på Austenå, for kyrkjene blei oftast reist i sentrum. Segna seier at det kom folk frå både Fyresdal og Setesdal for å gravlegge sine døde ved kyrkja på Austenå. Seinare blei kyrkja flytta lenger ut i dalen, til Hillestad.

Birgit Gunsteinsdotter Austenå kom frå Tovdal og gifta seg med Mikkjel Gunnarson Skomedal i NordgardenSkomedal i Bygland. Dette var på andre halvdel av 1600-talet. Med Birgit kom såleis det seinare så kjende Gunstein-namnet inn på Nordre Skomedal. Birgit hadde to søstre, Mari og Anne d.y., som også blei gift til Bygland. Mari blei gift med Per Jørundson Sandnes på bnr. 4 på Nordre Sandnes. Anne blei først gift med Olav Åsulvson Bygland og seinare Gjermund Tallakson Nerhus (Bygland bnr. 1). Spelemannen Salve Austenå kom frå Austenå. Lokalhistorikaren Sigmund Monen i Evje og Hornnes kjem frå småbruket Monen på Austenå.

Kjelder

  • Kapittelet om Tovdal, i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, 1956, side 707-717
  • Kart på nettsida til Statens Kartverk
  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 170-172, side 374

Kart

Laster kart ...