Hopp til innhald

Vorehei: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kart
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Presisert en kategori
Line 14: Line 14:


[[Kategori:Fjell i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Fjell i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Turløyper]]
[[Kategori:Turløyper i Evje og Hornnes]]

Versjonen frå 14. juni 2018 kl. 08:52

Fil:Moisund og Vorehei i Evje og Hornnes 180410-2.jpg
Moisund med Vorehei bak til høgre (mot vest), sett frå Hannåsfjellet.
Toppen av Vorehei.
Foto: Geir Daasvatn

Vorehei er eit fjell (443 moh.) vest for Otra ved Moisund i Evje og Hornnes kommune. Namnet tyder «Vaktheia». De meste tyder på at det har vore ein varde (vete) på Vorehei. Veten var ledd i ein signalkjede av bål som låg på punkter der ein kunne sjå frå den eine til den andre. Om det var vete på Ropstadknuten i Hægeland i sør, kunne ein sjå den frå Vorehei. Mot nord ser ein til to mogelege vetefjell, Gjengninghei og Årdalsknapen. Årdalsknapen er eit sikkert «vetefjell». Det skal ha vore synlege leivningar etter ei vetestue på Vorehei så seint som etter 1900.

Lokale folk kallar toppen av Vorehei for «Røysa». Det er tydelege merke etter ei åsrøys på toppen. Ho må vere svært gamal. Men arkeologane er forsiktige med å tidfeste slike åsrøyser. «Alt frå bronsealder til vikingtid», meiner dei.

Vorehei er eit mykje populært turmål for både Moisund-folk og andre turgåarar. Ein kan parkere ved bedehuset. Herfra kan ein følge traktorveg mot sør-vest til foten av heia. Det går merka sti vidare. Turen går langs ei slukt nokså direkte opp mot toppen av heia. Når du kjem til tjernet oppå heia, skal du dreie nordover og opp til toppunktet ved varden.

Kjelder

Kart

Laster kart ...