Fjellmannsvegen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks Torfinn Hageland
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Turløype: lenkefiks
Line 4: Line 4:


== Turløype ==
== Turløype ==
Fjellmannsvegen har lenge vore kjent. Tidleg på 1990-talet starta [[Torfinn Norman Hageland]] eit pionerarbeid med å finne att og merke delar av trasèen. [[Midt-Agder Friluftsråd]] blei etter kvart kopla inn i arbeidet, og vidareførte arbeidet til Hageland saman med [[Vennesla|Vennesla kommune]]. I dag kan ein vandre i fotspora til dei gamle fjellmennene, i merka løype, heilt frå [[Slettefet]] sør i [[Hornnes]] til Kristiansand, ei strekning på rundt 53 kilometer.  
Fjellmannsvegen har lenge vore kjent. Tidleg på 1990-talet starta [[Torfinn Normann Hageland]] eit pionerarbeid med å finne att og merke delar av trasèen. [[Midt-Agder Friluftsråd]] blei etter kvart kopla inn i arbeidet, og vidareførte arbeidet til Hageland saman med [[Vennesla|Vennesla kommune]]. I dag kan ein vandre i fotspora til dei gamle fjellmennene, i merka løype, heilt frå [[Slettefet]] sør i [[Hornnes]] til Kristiansand, ei strekning på rundt 53 kilometer.


== Fjellmannsvegen i Setesdal ==
== Fjellmannsvegen i Setesdal ==

Versjonen frå 24. januar 2017 kl. 09:46

Fjellmannsvegen er den eldgamle ferdslevegen mellom Setesdal og kyststroka rundt Kristiansand. Han er også mykje blitt kalla «Dalemannsvegen». Ute ved kysten blei dei som kom frå dalen kalla fjellmenn eller dalemenn, og vegen fekk då naturleg namn etter dette.

Vegen var ein gang-, ride- og klauvveg, og var meir for ein sti å rekne. Han gjekk ikkje nede i dalen slik vegen gjer no, men følgde i staden stort sett heiedraga på vestsida av dalføret. Han var i bruk til den første ordentlege køyrevegen, «Postvegen», blei bygd oppover i Setesdal på 1840-talet. Langs vegen finnast ei lang rekke med kulturminne.

Turløype

Fjellmannsvegen har lenge vore kjent. Tidleg på 1990-talet starta Torfinn Normann Hageland eit pionerarbeid med å finne att og merke delar av trasèen. Midt-Agder Friluftsråd blei etter kvart kopla inn i arbeidet, og vidareførte arbeidet til Hageland saman med Vennesla kommune. I dag kan ein vandre i fotspora til dei gamle fjellmennene, i merka løype, heilt frå Slettefet sør i Hornnes til Kristiansand, ei strekning på rundt 53 kilometer.

Fjellmannsvegen i Setesdal

Frå Hornnes fortset Fjellmannsvegen (Dalemannsvegen) nordover i Setesdal. Men her er dei gamle trasèane ikkje merka på same vis.

Kjelder

  • Fjellmannsvegen - en 1000-årig ferdselsvei, turguide med kart utgjeve av Midt-Agder Friluftsråd og Vennesla kommune