Fjermedalen: Skilnad mellom versjonar
s →Kart |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
[[Kategori:Iveland]] | [[Kategori:Iveland]] | ||
[[Kategori:Birkenes]] | |||
[[Kategori:Daler]] | [[Kategori:Daler]] | ||
Versjonen frå 10. november 2016 kl. 18:00

Fjermedalen er eit lite dalføre lengst aust i Iveland, på grensa mot Vegusdal i Birkenes. Dalen ligg i nord-sørleg retning. I dalbotnen renn Fjermedalsåna. Elva kjem frå Fidjelandstjønnane og fell ut i Fjermeroskilen i Ogge, ei lengde på 8-9 km. Kommunegrensa mellom Iveland og Birkenes går i sikk-sakk gjennom dalen. Langs elva går Fjermedalsveien frå Fylkesveg 405 i sør nordover til Nedre Fjermedal og Iveland og Vegusdal bygdemuseum. Rett aust for Fjermedal, over grensa til Birkenes, ligg garden Tveit (vestre). Vidare innover i dalen ligg Eikeland ved ein sideveg mot vest (i Iveland) og Fjermedal Øvre mot aust. Sistnemde gard ligg over grensa til Birkenes. Vegen går eit stykke til nordover i dalen, til gardane Evelid og Vetrhus. Dei to gardane ligg også i Birkenes.
Kjelder
- Kommunekart.com
- Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 28