Torjus Nilsen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Personmal
Hellandsbot (diskusjon | bidrag)
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Bygland kommune +Døde personer fra Bygland kommune)
Line 13: Line 13:
[[Kategori:Fødsler i 1867]]
[[Kategori:Fødsler i 1867]]
[[Kategori:Dødsfall i 1889]]
[[Kategori:Dødsfall i 1889]]
[[Kategori:Personer fra Bygland kommune]]
[[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]]
[[Kategori:Gruvearbeidere]]
[[Kategori:Gruvearbeidere]]

Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 19:47

Torjus Nilsen
Født: 3. november 1867
Død: 26. juni 1889 (21 år)

Torjus Nilsen (fødd 3. november 1867 i Bygland, død 26. juni 1889 i Evje) var gruvearbeidar i Flåt nikkelgruve i Evje. Foreldra var husmannsfolk på Moi i Bygland. Faren var Nils Torjusson Pytten (1823-1910). Mora var Liv Olavsdotter Rysstad (1833-1893).

Torjus arbeidde for det engelske gruveselskapet H. H. Vivian, som leigde gruva i tiårsperioden 1884-1894. Han budde då på Haugen i Evje. Han omkom ved ei ulykke i gruva 26. juni 1889, då han datt ned frå ein stige. Fallet var på i alt 5 meter. Det skjedde vel 20 meter nede i gruva. Det var ikkje livsteikn i han då han blei funnen. Dette er det første dødsfallet ein veit om i gruva.

Namnet til Torjus Nilsen står på Minnesteinen ved Flåt gruve.

Kjelder