Mjåvatnet (Straume): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks Straumsjuvet
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde av vatnet
Line 1: Line 1:
[[Fil:Mjåvatn Straume 030617.jpg|miniatyr|høyre|Vestre enden av Mjåvatnet [[3. juni 2017]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Mjåvatnet''' er eit vatn i [[Straumsheia]], aust for garden [[Straume]] og rett vest for [[Straumsfjorden]], i [[Valle]]. Vatnet ligg 764 moh. og dekker eit areal på ca. 1,4 km².
'''Mjåvatnet''' er eit vatn i [[Straumsheia]], aust for garden [[Straume]] og rett vest for [[Straumsfjorden]], i [[Valle]]. Vatnet ligg 764 moh. og dekker eit areal på ca. 1,4 km².



Versjonen frå 4. juni 2017 kl. 22:53

Vestre enden av Mjåvatnet 3. juni 2017.

Mjåvatnet er eit vatn i Straumsheia, aust for garden Straume og rett vest for Straumsfjorden, i Valle. Vatnet ligg 764 moh. og dekker eit areal på ca. 1,4 km².

Frå naturen si side har vatnet utlaup mot aust, til Straumsfjorden i Tovdalsvassdraget. Men kjøpmann Peder Lind starta opp med gruvedrift i Straumsheia på andre halvdel av 1600-talet. Han demde då opp Mjåvatnet med to stemmar, ein i aust mot Straumsfjorden og ein i vest mot Straume. Vasstanden blei heva med ca. 7 meter. Frå då av fekk vatnet hovudutlaup utfor lia ned mot Straume. Det gav Lind den vasskrafta han trong for å bygge ei smeltehytte på Straume.[1] Ved høg flomvasstand kan vatn framleis kome over terskelen i austre enden, og renne ned i Straumsfjorden.

I dag går det skogsbilveg frå Straume gjennom Straumsjuvet til Mjåvatnet.

Kjelder og eksterne lenker

Referansar

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 44-45

Kart

Laster kart ...