Bygdeborga på Steinsfjell: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Rettet skrivefeil |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Steinsfjell 2009.JPG|miniatyr|høyre|Steinsfjell sett frå skytebanen på Evjemoen. På toppen her låg bygdeborga. I skytevollen innunder fjellet ligg nok dei fleste steinane frå borga. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Steinsfjell 2009.JPG|miniatyr|høyre|Steinsfjell sett frå skytebanen på Evjemoen. På toppen her låg bygdeborga. I skytevollen innunder fjellet ligg nok dei fleste steinane frå borga. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Steinsfjell Evjemoen hovedarena 261009.JPG|miniatyr|høyre|Det er eit vidt utsyn frå Steinsfjell i dei fleste retningar. Her ser ein utover den svære Evjemoen. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Steinsfjell Evjemoen hovedarena 261009.JPG|miniatyr|høyre|Det er eit vidt utsyn frå Steinsfjell i dei fleste retningar. Her ser ein utover den svære Evjemoen. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
'''Bygdeborga på Steinsfjell''' låg på [[Steinsfjell]] i [[Evje]], det låge fjellet rett aust for det som i dag er [[Evje stadion]] og [[Trollbakken | '''Bygdeborga på Steinsfjell''' låg på [[Steinsfjell]] i [[Evje]], det låge fjellet rett aust for det som i dag er [[Evje stadion]] og [[Trollbakken hoppanlegg]]. Alle stader i landet med namnet Steinsfjell skal det vere ei bygdeborg. Borga må ha vore for dei som budde nede i dalen. Ho hadde ein grei avstand frå busetnaden i Evje på den tida, og skal ha hatt ein høg og fin forsvarsmur av stein. Dei som budde nærare bygdesenteret på [[Flåt]]/[[Austerhus]] hadde [[Bygdeborga på Urdalsfjell|borga på Urdalsfjell]] på [[Åvesland]]. | ||
Eit kjenneteikn ved alle dei fem bygdeborgene i Evje og Hornnes er at dei ligg i nærleiken av eit større eller mindre gravfelt. Steinsfjell ligg like i nærleiken av Setesdalens største registrerte gravfelt i [[Fossvik]] på [[Verksmoen]]. | Eit kjenneteikn ved alle dei fem bygdeborgene i Evje og Hornnes er at dei ligg i nærleiken av eit større eller mindre gravfelt. Steinsfjell ligg like i nærleiken av Setesdalens største registrerte gravfelt i [[Fossvik]] på [[Verksmoen]]. | ||
Versjonen frå 6. november 2016 kl. 20:46
Bygdeborga på Steinsfjell låg på Steinsfjell i Evje, det låge fjellet rett aust for det som i dag er Evje stadion og Trollbakken hoppanlegg. Alle stader i landet med namnet Steinsfjell skal det vere ei bygdeborg. Borga må ha vore for dei som budde nede i dalen. Ho hadde ein grei avstand frå busetnaden i Evje på den tida, og skal ha hatt ein høg og fin forsvarsmur av stein. Dei som budde nærare bygdesenteret på Flåt/Austerhus hadde borga på Urdalsfjell på Åvesland.
Eit kjenneteikn ved alle dei fem bygdeborgene i Evje og Hornnes er at dei ligg i nærleiken av eit større eller mindre gravfelt. Steinsfjell ligg like i nærleiken av Setesdalens største registrerte gravfelt i Fossvik på Verksmoen.
Frå 1920 og ut gjennom 1930-åra blei steinane i den høge og lange muren rulla utfor fjellet og ned på skytebanen av gutungane i stasjonsbyen Evje. Den kjende rosemålaren Oskar Kjetså har fortald at han var ein av gutane som dreiv på med dette. Her hadde dei «arbeid» i fleire år. Seinare fylte Forsvaret på med store mengder granulert slagg som låg att etter Evje nikkelverk, då dei laga skytevoll bak skyteskivene og anvisargrava. Så i dag ligg steinane frå borga under tonnevis av slagg.
Olaf Alfsen Kjetså frå Hornnes var på Steinsfjell i 1930, og tok eit bilete ved dei restane av borgmuren som då stod att. Nå er også denne delen av muren borte.
Sjå også
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 285-287