Skreros: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Kart |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
[[Kategori:Garder i Birkenes]] | [[Kategori:Garder i Birkenes]] | ||
[[Kategori:Vegusdal]] | |||
Versjonen frå 25. desember 2016 kl. 11:10
Foto: Geir Daasvatn
Skreros er ein gard (gnr. 157) i Vegusdal i Birkenes. Han ligg ved utlaupet av Skrerosåna i Ogge, ca. 1,5 kilometer austover frå Fylkesveg 405. Garden er rekna for å vere ein av dei eldste i Vegusdal. Han var ein av landnåmgardane, og blei truleg rydda omkring år 350 e.Kr.
Kongevegen, ein administrasjonsveg frå før Harald Hårfagres tid, gjekk gjennom Skreros-garden.
Det er registrert eit stort gravfelt på garden, med 12 graver. I to av desse er det gjort store funn frå folkevandringstida. På grunnlag av funna meiner ein å kunne slå fast at Skreros må ha vore eit høvdingsete i yngre jernalder.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 1995, side 549-577
- Unni Setane Engesland og Helene Setane, Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 32-35