Margit Salvesdotter Ose: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Lenke Tovdal |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Bygland kommune +Døde personer fra Bygland kommune) |
||
| Line 12: | Line 12: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1834]] | [[Kategori:Fødsler i 1834]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1892]] | [[Kategori:Dødsfall i 1892]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]] | ||
Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 19:30
| Margit Salvesdotter Ose | ||
|---|---|---|
| Født: | 1834 | |
| Død: | 1892 (alder 57–58) | |
Margit Salvesdotter Ose (fødd 1834, død 1892) var tenestejente på Ose og seinare i Tovdal.
Margit vaks opp på plassen Kvistoga under garden Øvre Hegland i Bygland. Foreldra var Salve Tellefson Kvinen og Gunhild Karlsdotter Handeland. Ho var først tenestejente hos Daniel Eivindson Ose. Der var ho då ho fekk dottera Anna S. Dåsvatn i 1866. Faren til Anna var Salve Knutson Frøysnes. Margit og Salve var ikkje gifte.
Margit og dottera Anna budde på plassen Odden tett ved kyrkjegarden på Austad. I 1875 flytta ho med dottera til Ramse i Tovdal, der ho fekk arbeid hos Terje Ramse. Seinare kom ho til garden Håkedal. Der døydde ho i 1892.
Kjelder
- Avsnittet om plassen Kvistoga under Øvre Hegland i Bygland Gard og Ætt
- Torleiv Vika, Våre røter - Kleven Øvre Dåsvatn, trykt hefte (privat)