Haugen (Evje og Hornnes gnr. 15/10 mfl.): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Etablering av Evje og Hornnes Sparebank |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 15: | Line 15: | ||
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Hornnes]] | |||
Versjonen frå 11. september 2018 kl. 23:43

Foto: Irene Falck Jensen

Foto: Geir Daasvatn
Haugen er eit gardsbruk (gnr. 15, bnr. 10 m.fl) under Hornnes (Evje og Hornnes gnr. 15) i Evje og Hornnes kommune. Haugen ligg som namnet syner på eit lite høgdedrag noko sør-vest for Hornnes kyrkje.
Hornnes-garden er truleg mellom dei eldste i Setesdal. Haugen vart eige bruk ca. 1650. Ola N. Hornnes (fødd ca. 1604) var den første eigaren. Han var son til lensmann Notto S. Hornnes og Mari Hornnes. Ein yngre bror til Ola, Salve N. Hornnes, fekk den andre delen av garden, Lunnen.
Evje og Hornnes Sparebank vart etablert i Haugen i 1864. Postopneriet i Hornnes var i Haugen frå 1865 til 1928. Postopnarar i desse åra var først John N. Hornnes og etter han sonen Notto J. Hornnes.
Dagens eigar av Haugen er Notto Hornnes (fødd 1952).
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 330-353
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 318
- Sigurd Haugsgjerd, 150 år. Evje og Hornnes Sparebank 1864-2014, 2016, side 11