Torvald Haavardstad: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Kjelder: stortinget.no
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
sørlandsmester
Line 8: Line 8:
Haavardstad sat på Stortinget i åra 1931-1940 og 1950-1953, i til saman 14 år. Han er den evdølen som har site lengst i nasjonalforsamlinga vår. Samstundes heldt han fram i ordførarvervet heime i Evje. Han styrde møta når det var ferie eller han fekk permisjon frå Stortinget. Varaordførarane styrde møta når han ikkje kunne vere tilstades.

Utanom politikken var han aktiv både i idrett og kyrkje. Han var kyrkjesongar i Evje kyrkje frå 1928 til 1956. Innan friidretten var det kule og diskos som han deltok i. Han var Sørlandsmeister i begge greinene.<ref>G. Olsen: ''Idrett i gamle Evje''. Artikkel i [[Setesdølen nr. 29, 1993]] side 3</ref>
==Kjelder==
==Kjelder==
*[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, utgjeven av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 2003, s. 261-261 og s. 337-338
*[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, utgjeven av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 2003, s. 261-261 og s. 337-338
Line 13: Line 15:
*[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]'', jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 9
*[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]'', jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 9
* [http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TOHD Biografi hos stortinget.no]
* [http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TOHD Biografi hos stortinget.no]
== Referanser ==
<references>
</references>

{{DEFAULTSORT:Haavardstad, Thorvald}}
{{DEFAULTSORT:Haavardstad, Thorvald}}

Versjonen frå 24. juli 2016 kl. 10:02

Torvald Haavardstad
Født: 20. november 1893
Død: 9. mars 1965 (71 år)

Torvald Haavardstad (fødd 20. november 1893 i Evje og og død 9. mars 1965) var lærar, kyrkjesongar, ordførar og stortingsrepresentant. I ungdomen var han ein dugeleg idrettsmann. Han var son til lensmann Olav J. Haavardstad frå Iveland og Olaug Haavardstad (fødd Moi) frå Moi i Hornnes. Han var gift med Karen Haavardstad (fødd Øvrevik).

Haavardstad gjekk Setesdals ungdomsskule og tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1914. Han var først lærar i Kristiansand og Randaberg, og kom til Evje og blei lærar her frå 1919. Han vart verande i skuleverket i Evje heilt fram til han blei pensjonist. Han var konstituert skulestyrar ved Evje sentralskule frå 1954. I 1959 vart stillinga gjort om til skuleinspektør, og Haavardstad blei tilsett i denne. Han slutta i skulen i 1961.

I 1928 vart Haavardstad vald til ordførar i Evje kommune. Han representerte Arbeidarpartiet. Han sat i ordførarstolen til 1942, då han blei avsett av dei som då hadde makta i landet vårt. Etter krigen (1945) tok han igjen sete i ordførarstolen, og blei sitjande der til han døydde i 1965. Dei siste åra då som ordførar i den nye Evje og Hornnes kommune. I tida som ordførar var han også automatisk med i fylkestinget.

Haavardstad sat på Stortinget i åra 1931-1940 og 1950-1953, i til saman 14 år. Han er den evdølen som har site lengst i nasjonalforsamlinga vår. Samstundes heldt han fram i ordførarvervet heime i Evje. Han styrde møta når det var ferie eller han fekk permisjon frå Stortinget. Varaordførarane styrde møta når han ikkje kunne vere tilstades.

Utanom politikken var han aktiv både i idrett og kyrkje. Han var kyrkjesongar i Evje kyrkje frå 1928 til 1956. Innan friidretten var det kule og diskos som han deltok i. Han var Sørlandsmeister i begge greinene.[1]

Kjelder

Referanser

  1. G. Olsen: Idrett i gamle Evje. Artikkel i Setesdølen nr. 29, 1993 side 3