Agder rundt: Skilnad mellom versjonar
kat |
|||
| Line 33: | Line 33: | ||
==Eksterne lenkjer== | ==Eksterne lenkjer== | ||
*[http://austagder.kulturnett.no/agderrundt/ Prosjektet sine heimesider på kulturnett.no] | *[http://austagder.kulturnett.no/agderrundt/ Prosjektet sine heimesider på kulturnett.no] | ||
[[Kategori:Setesdal]] | |||
Versjonen frå 17. februar 2012 kl. 12:27
Agder rundt er eit samarbeidsprosjekt mellom Vest-Agder fylkesbibliotek og Aust-Agder bibliotek og kulturformidling som set lokal litteratur og dei ulike biblioteka på kartet i 2012.
Biblioteket i kvar einskild kommune har vald ut ein tekst dei ynskjer å presentere, og i 2012 reiser to kofferter, ein grøn og ein turkis, rundt i Agder. I koffertane ligg dei utvalde tekstane både som vanleg, trykt bok og som e-bok. I tillegg finst nokre andre bøker om reising i dei. Ferda tok til fredag 6. januar i Tvedestrand gamle rådhus, og arrangementet var felles med Bokbyen sin markering av 200-års jubileet til Knud Knudsen.
Når kofferten kjem fram til biblioteka vil det bli sett opp ei utstilling, og dei fleste skal og ha eit arrangement i samband med dette. Planen er at dei to koffertane skal møtes på Lindesnes fyr sundag 2. desember 2012 etter å ha vitja alle dei 30 Agderkommunane.
Når kjem ein av koffertane til ein stad nære deg, og kva skjer?
- Bygland
- Blå koffert kjem siste helfta av januar.
- 9. februar: Gunstein Bakke kjem og talar om si nye bok, Maud og Aud, og Morten von Hafenbrädel om bokserien Eurotouring på Byglandsfjord stasjon klokka 19.30.
- Bykle
- Blå koffert kjem i overgangen mars – april, og blir påska over.
- Arrangement?
- Evje og Hornnes
- Grøn koffert kjem fyrste helfta av april.
- Ikkje noko arrangement.
- Froland
- Grøn koffert kjem siste helfta av mars.
- 22. mars: Arrangement saman med Arendal.
- Iveland
- Grøn koffert kjem siste helfta av august.
- Arrangement?
- Sirdal
- Grøn koffert kjem fyrste helfta av september.
- Ikkje noko arrangement.
- Valle
- Grøn koffert kjem siste helfta av februar.
- Arrangement?
- Åseral
- Grøn koffert kjem siste helfta av mai.
- Ikkje noko arrangement.