Nils Dåsvatn: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
i Moi møter mennesker
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Føyd til en setning om boka som kom ut i 2016.
Line 8: Line 8:
Etter at Nils vart pensjonist har han vore mykje interessert i lokalhistorie. Han har skrive og fått trykt opp mange småhefte med minna sine frå barndomen i Hornnes og hos familien på [[Flystveit]] i [[Åseral]]. Han har også skrive om barndomsheimen til kona Gerda, garden Møkjåland i Iveland og ikkje minst eit flott hefte om [[Iveland bygdeheim]]. Hefta inneheld særs mykje interessant lokalhistorisk lesestoff, særleg frå 1930- og 1940-talet.   
Etter at Nils vart pensjonist har han vore mykje interessert i lokalhistorie. Han har skrive og fått trykt opp mange småhefte med minna sine frå barndomen i Hornnes og hos familien på [[Flystveit]] i [[Åseral]]. Han har også skrive om barndomsheimen til kona Gerda, garden Møkjåland i Iveland og ikkje minst eit flott hefte om [[Iveland bygdeheim]]. Hefta inneheld særs mykje interessant lokalhistorisk lesestoff, særleg frå 1930- og 1940-talet.   


Nils Dåsvatn var omtalt i [[Fædrelandsvennen]] [[14. mai 2016]] i serien [[Moi møter mennesker]], der [[Øystein Moi]] hadde laga eit portrett av han med tittelen «Barndomsminne frå Hornnesbygda».
Nils Dåsvatn var omtalt i [[Fædrelandsvennen]] [[14. mai 2016]] i serien [[Moi møter mennesker]], der [[Øystein Moi]] hadde laga eit portrett av han med tittelen «Barndomsminne frå Hornnesbygda». Tittelen på artikkelen var henta frå [[Barndomsminne frå Hornnesbygda|boka med same namn]], som [[Evje og Hornnes Sogelag]] gav ut i juni 2016.
 
== Kjelder ==


{{DEFAULTSORT:Dåsvatn, Nils}}
{{DEFAULTSORT:Dåsvatn, Nils}}

Versjonen frå 7. juni 2016 kl. 16:09

Nils Dåsvatn
Født: 30. august 1929 (96 år)

Nils Dåsvatn (fødd 30. august 1929) er pensjonert lærar og rektor. Han bur i leiligheit på bygde- og sjukeheimen i Iveland.

Nils vart fødd i VoilestøKjetså i Hornnes, og vaks opp på småbruket Farmo litt nærare jernbanestasjonen som var i Hornnes-bygda då. Foreldra var Tomas J. Daasvatn og Berta Daasvatn (fødd Flystveit). Nils var gift med Gerda Dåsvatn (fødd Homme). Gerda døydde i 2011.

Nils gjekk på Hornnes landsgymnas, og tok artium i 1949. I 1952 tok han lærarskuleeksamen. Han var eitt år som lærar i Luster i Sogn, så fire år i Kvalsund i Finnmark. I 1956 kom han til Kristiansand. Her var han lærar i fleire år. Men dei fleste av åra i Kristiansand var han rektor på tre forskjellige skular; Lahelle, Voie og Slettheia. Familien flytta så til Iveland. Dei siste seks åra av yrkeslivet var Nils skulesjef i Iveland kommune.

Etter at Nils vart pensjonist har han vore mykje interessert i lokalhistorie. Han har skrive og fått trykt opp mange småhefte med minna sine frå barndomen i Hornnes og hos familien på Flystveit i Åseral. Han har også skrive om barndomsheimen til kona Gerda, garden Møkjåland i Iveland og ikkje minst eit flott hefte om Iveland bygdeheim. Hefta inneheld særs mykje interessant lokalhistorisk lesestoff, særleg frå 1930- og 1940-talet.

Nils Dåsvatn var omtalt i Fædrelandsvennen 14. mai 2016 i serien Moi møter mennesker, der Øystein Moi hadde laga eit portrett av han med tittelen «Barndomsminne frå Hornnesbygda». Tittelen på artikkelen var henta frå boka med same namn, som Evje og Hornnes Sogelag gav ut i juni 2016.

Kjelder