Åneland: Skilnad mellom versjonar
s Lenke Evje |
s Bilde av garden |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Åneland Evje 170116.jpg|miniatyr|høyre|Eit bruk på Åneland. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Åneland''' er ein gard (gnr. 52) på begge sider av [[Fylkesveg 42]] ([[Arendalsvegen]]) aust for [[Galteland]] og vidare austover mot [[Bjorvatn]] aust i [[Evje og Hornnes]]. Nabogard i vest er [[Åsland]]. I nord ligg [[Haugen (Evje og Hornnes gnr. 53)|Haugen]]. [[Bjoråna]] kjem frå Bjorvatnet og renn gjennom Ånelands-bygda. På dette strekket kallast ho gjerne Ånelandsåna. | '''Åneland''' er ein gard (gnr. 52) på begge sider av [[Fylkesveg 42]] ([[Arendalsvegen]]) aust for [[Galteland]] og vidare austover mot [[Bjorvatn]] aust i [[Evje og Hornnes]]. Nabogard i vest er [[Åsland]]. I nord ligg [[Haugen (Evje og Hornnes gnr. 53)|Haugen]]. [[Bjoråna]] kjem frå Bjorvatnet og renn gjennom Ånelands-bygda. På dette strekket kallast ho gjerne Ånelandsåna. | ||
Versjonen frå 2. februar 2016 kl. 11:44

Åneland er ein gard (gnr. 52) på begge sider av Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) aust for Galteland og vidare austover mot Bjorvatn aust i Evje og Hornnes. Nabogard i vest er Åsland. I nord ligg Haugen. Bjoråna kjem frå Bjorvatnet og renn gjennom Ånelands-bygda. På dette strekket kallast ho gjerne Ånelandsåna.
Historie
Garden er ein -landgard, og stammar truleg frå folkevandringstida (år 400-600 e.Kr.).[1] Fleire ting kan tyde på at nabogarden i nord, Haugen, frå først av høyrde til Åneland. Så er han blitt skild frå seinare, kanskje i vikingtida.[2] Gardkjennaren Oddmund Mogstad meiner at gardane Lauvås og Raudstøl oppover mot Høvringsvatn kan ha høyrd til Åneland etter svartedauden.[3]
Den første faste skulen i Evje var på Åneland. Han kom i gong i oktober 1849. Skuledistriktet omfatta Åneland, Haugen, Landsverk, Odde Evje prestegård, Åsland, Tveit, Flåt og Undeland.[4]
Kart
Referansar
<references>
- ↑ Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 68
- ↑ Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 35
- ↑ Gardsnamn i Evje, side 36
- ↑ Kultursoge for Evje og Hornnes, side 351-352