Langevei (Iveland gnr. 39 bnr. 2): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s →Kjelder: lenkefiks Aslak Fjermedal |
s Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Langevei Iveland 181215. | [[Fil:Langevei Iveland 181215-3.jpg|miniatyr|høyre|Langevei i dag. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Langevei''' er ein fråflytta gard (gnr. 39 bnr. 2) høgt oppe på heia i det nord-vestre hjørnet av [[Iveland]]. I sør-aust ligg [[Vardeheia (Iveland)|Vardeheia]] (485 moh.). Ca ein kilometer mot nord-aust ligg [[Landås]]. Nord for garden renn [[Landåsåna]], som danner gardsgrensa mot Landås. Ein kjem til Langevei ved å følge [[Landåsveien]] ca ein kilometer, og deretter ein gardsveg 800 meter sørover til husa på garden. | '''Langevei''' er ein fråflytta gard (gnr. 39 bnr. 2) høgt oppe på heia i det nord-vestre hjørnet av [[Iveland]]. I sør-aust ligg [[Vardeheia (Iveland)|Vardeheia]] (485 moh.). Ca ein kilometer mot nord-aust ligg [[Landås]]. Nord for garden renn [[Landåsåna]], som danner gardsgrensa mot Landås. Ein kjem til Langevei ved å følge [[Landåsveien]] ca ein kilometer, og deretter ein gardsveg 800 meter sørover til husa på garden. | ||
Siste versjonen frå 30. mai 2024 kl. 07:58

Foto: Geir Daasvatn
Langevei er ein fråflytta gard (gnr. 39 bnr. 2) høgt oppe på heia i det nord-vestre hjørnet av Iveland. I sør-aust ligg Vardeheia (485 moh.). Ca ein kilometer mot nord-aust ligg Landås. Nord for garden renn Landåsåna, som danner gardsgrensa mot Landås. Ein kjem til Langevei ved å følge Landåsveien ca ein kilometer, og deretter ein gardsveg 800 meter sørover til husa på garden.
Langevei er ein av fire gardar i Iveland som ikkje har eige gardsnummer i matrikkelen.
Historie
Garden er truleg skild frå Landås og rydda i 1630- eller 1640-åra. Første bonden og sjølve rudkallen på Langevei var Laurits Berntsen Langevei. Hans etterkomarar blei sitjande på garden heilt ned til vår tid (1950-talet).
Kjelder
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 641 flg.