Olaus Thortveit: Skilnad mellom versjonar
s Lenke Kongens Fortenstmedalje |
s →Kjelder: rettet tegnsetting |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Kjell Gunnufsen]], ''Iveland kommunes mineralutstilling - Mineraler fra Iveland og Evje'', brosjyre/artikkel, utgjeve av Iveland kommune, 2013 | *[[Kjell Gunnufsen]], ''Iveland kommunes mineralutstilling - Mineraler fra Iveland og Evje'', brosjyre/artikkel, utgjeve av Iveland kommune, 2013 | ||
*[[Ole Fritjof Frigstad]], ''100 år med feltspatdrift og mineraljakt'', kapittel i | *[[Ole Fritjof Frigstad]], ''100 år med feltspatdrift og mineraljakt'', kapittel i [[Kultursoge for Evje og Hornnes]], band II, 2003, side 23-42 | ||
{{DEFAULTSORT:Thortveit, Olaus}} | {{DEFAULTSORT:Thortveit, Olaus}} | ||
Versjonen frå 29. november 2015 kl. 13:15
Olaus Thortveit (fødd 1872, død 1917) var ein feltspathandlar frå Iveland. Mineralet thortveititt er kalla opp etter han. Thortveit hadde stor interesse for mineralar, og synte fram steinsamlinga si på jubileumsutstillinga for Grunnloven i Oslo i 1914. Han mottok Kongens Fortenstmedalje i gull for innsatsen sin for den geologiske vitskapen.
Historia bak thortveititten
I 1903 var polarforskaren Per Schei i Evje og fann eit mineral han då trudde var epidot. Seinare synte det seg at det var thortveititt. I 1911 vitja Olaus Thortveit arbeidarane ved ei lita gruve i Knipane. Han blei då synt ein stein med eit mineral som virka ukjend for arbeidarane. Thortveit fatta interesse for dette, og sende ein prøve til professor J. Schetelig ved Mineralogisk-Geologisk Museum i Oslo til analyse. Resultatet var eit heilt nytt mineral i verda, som av Schetelig vart kalla thortveititt etter innsendaren.
Heider
- Kongens Fortenstmedalje i gull (1914)
Kjelder
- Kjell Gunnufsen, Iveland kommunes mineralutstilling - Mineraler fra Iveland og Evje, brosjyre/artikkel, utgjeve av Iveland kommune, 2013
- Ole Fritjof Frigstad, 100 år med feltspatdrift og mineraljakt, kapittel i Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 23-42