Horgeknipen: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Rettet skrivefeil |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
[[Kategori:Fjell i Bygland]] | [[Kategori:Fjell i Bygland]] | ||
[[Kategori:Fjell i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Fjell i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Evje og Hornnes]] | |||
Versjonen frå 5. november 2015 kl. 23:54

Foto: Reidar Tveito
Horgeknipen er ein karakteristisk rund fjelltopp på vestsida av Byglandsfjorden, på grensa mellom grendene Senum i Evje og Hornnes kommune og Horverak i Bygland kommune. Grenselina mellom kommunane skjer rett over toppen. Toppen ligg 400 moh. og ca 200 m over Byglandsfjorden. Mellom trea på toppen kan ein mot sør sjå mot Senum, og i vest og nord mot Byglandsfjord og Grendi.
Litt under sjølve toppen ligg restane etter ei bygdeborg frå folkevandringstida. Berre ei steinrøys å sjå til, men ein gong eit forsvarsverk frå tider då ein måtte verja seg og sine på eiga hand.