Evje Utvikling: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Føyd til litt om at selskapet blir fusjonert med Evjemoen Næringspark og lagt ned + kilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder: lenke
Line 14: Line 14:


==Kjelder==
==Kjelder==
*Setesdølen nr. 12, fredag 30. januar 2015
*[[Setesdølen nr. 12, 2015]]


==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==

Versjonen frå 3. februar 2015 kl. 08:38

Connie Barthold er prosjektleiar i Evje Utvikling

Evje Utvikling er eit selskap som arbeider med omstilling og næringsutvikling i Evje og Hornnes kommune. Selskapet kan og være med aktivt i næringsutvikling i nabokommunar. Kommunen eig selskapet 100%.

I januar 2015 vedtok generalforsamlinga i Evje Utvikling å fusjonere selskapet med Evjemoen Næringspark, som også er eit kommunalt eigd selskap. Bakgrunnen var ønske om ei spissing av ressursane inn mot den nye næringsavdelinga som skulle opprettast i Setesdal Regionråd våren 2015.

Prosjekt

Evje Utvikling vart stifta i 2001 og har hatt ei rekke prosjekt gjennom åra. Dei aktive prosjekta i 2010 var: Etablererrådgivning 2010, frokostmøter for næringslivet, God driv, som er eit prosjekt for å sjå på utvikling av Evjemoen til næringsføremål, gründercoach, kulturtilbud på Evjemoen Kino, kvinnenettverk i samarbeid med Setesdal Regionråd, luftfartshøyskole i samarbeid med Froland kommune, samt seminar og rådgjeving for eksisterande bedrifter. Det siste akive prosjektet i 2010 var Setesdals Næringshage. I tillegg jobbar Evje Utvikling med eit forprosjekt for å sjå på korleis ein kan utnytte Trollbakken som eit nærmiljøprosjekt med tanke på aktuelle investorar.

Styre

Frå 2009 var desse med i styret til Evje Utvikling AS: Kjell Rune Nakkestad (styreleiar), Helge Bjorvand, Grethe Ueland Hunshammer, Vidar Smeland og Solveig Kallhovd. I 2014 er styret samansett av Kjell Rune Nakkestad (styreleiar), Vidar Smeland og Liv Hansen.

Tilsette

Daglig leiar er Ståle Olsen, prosjektleiar er Connie Barthold.

Kjelder

Eksterne lenker