Alfred Ugland: Skilnad mellom versjonar
Føyd til foreldrene og tatt bort oppl. om at han døde i Natzweiler da den oppl. var feil |
s →Kjelder: lenkefiks |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Daniel Danielsen]], ''[[Hornnes | *[[Daniel Danielsen]], ''[[Hornnes Landsgymnas 1918-1948]]'', jubileumsskrift for Hornnes landsgymnas, utgjeven 1948, s. 33 og s. 95 | ||
== Referanser == | == Referanser == | ||
Versjonen frå 25. januar 2015 kl. 10:34
| Alfred Ugland | ||
|---|---|---|
| Født: | 27. januar 1914 | |
| Død: | 15. mars 1945 (31 år) | |
Alfred Ugland (fødd 27. januar 1914 i Evje, død 15. mars 1945)[1], var jurist og motstandsmann under andre verdskrigen.
Alfred Ugland var sønn av Daniel Ugland (Froland) og Sigrid Eilifsdotter Ugland (fødd Aasland, Evje). Han tok reallina ved Hornnes landsgymnas i 1935, og juridisk embetseksamen i 1941. Han arbeidde med ulike ting i studietida. Etter eksamen var han assistent og seinare sekretær i Riksrevisjonen. Etter krigsutbrotet i 1940 var han med i illegalt arbeid frå første stund. Han rømde til Sverige våren 1942.
Av den norske legasjonen i Stockholm vart Ugland i 1942 sett til å vere leiar av ein kurèrorganisasjon. Han blei arrestert av tyskerane i Oslo 19. februar 1943, etter at han var blitt såra av eit skot i hofta. Han gjekk gjennom 14 avhøyr med tortur, og blei dømd til N.N.-fange og send til Tyskland.
I Tyskland var Ugland i ulike fangeleirar. I februar 1945 blei han send på utekommando frå ein leir som låg under Buchenwald konsentrasjonsleir. Etter dette høyrde ingen meir frå han.[2]
Namnet til Alfred Ugland er innhoggen i Minnesteinen ved Evje kyrkje, som er reist av ungdom i Evje til minne om dei som ofra livet i kampen for fedrelandet i krigen 1940-1945. Alfred Uglands veg i Evje sentum er oppkalt etter krigshelten Alfred Ugland.
Kjelder
- Daniel Danielsen, Hornnes Landsgymnas 1918-1948, jubileumsskrift for Hornnes landsgymnas, utgjeven 1948, s. 33 og s. 95
Referanser
- ↑ Alfred Ugland hos stiftelsen-arkivet.no
- ↑ Våre falne 1939-1945, band IV, Grøndahl, 1950, s. 446-447