Olaf Kallhovd: Skilnad mellom versjonar
s Lagt inn personmal |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = | fmåned = | får = 1866| ddag = | dmåned = | dår = 1953}} | {{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = 23| fmåned = 3| får = 1866| ddag = 5| dmåned = 11| dår = 1953}} | ||
'''Olaf Kallhovd''' (fødd 1866, død 1953) var lærar og lokalpolitikar i [[Hornnes]]. | '''Olaf Kallhovd''' (fødd 1866, død 1953) var lærar og lokalpolitikar i [[Hornnes]]. | ||
Versjonen frå 15. mai 2015 kl. 11:51
| Olaf Kallhovd | ||
|---|---|---|
| Født: | 23. mars 1866 | |
| Død: | 5. november 1953 (87 år) | |
Olaf Kallhovd (fødd 1866, død 1953) var lærar og lokalpolitikar i Hornnes.
Olaf Kallhovd tok eksamen på Kristiansand seminar i 1883. Han var lærar i Hornnes frå 1887 til 1931 (44 år). Han var ein særs aktiv lokalpolitikar, og sat i kommunestyret i 30 år. I 12 år var han ordførar. I tillegg hadde han dei fleste kommunale tillitsombod i kortare eller lengre tid.
Olaf Kallhovd var frå 1914 engasjert i arbeidet med å få reist eit landsgymnas på Hornnes. Frå 1915 var han formann i arbeidsnemda som skulle arbeide for å få gjennom saka. I 1918 blei det skipa eit privat landsgymnas i Hornnes. Arbeidsnemda, med Olaf Kallhovd som formann, blei det første styret for skulen. Frå 1922 overtok staten drifta av landsgymnaset. Olaf Kallhovd er tvillaust den som har gjort mest til at Hornnes landsgymnas blei røyndom, heiter det i Kultursoga for Evje og Hornnes.
Utmerkingar
- Kongens Fortenstmedalje (1945)
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 402-403
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, 1990, s. 478-479
[[Kategori:Kongens fortjenstmedalje