Tarald Myrum: Skilnad mellom versjonar
sInkje endringssamandrag |
bilde inn i mal |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde =Tarald Myrum2.jpg | bildetekst = | fdag = 19| fmåned = 9| får = 1952| ddag = | dmåned = | dår = | skjulfødselsdag = }} | |||
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = 19| fmåned = 9| får = 1952| ddag = | dmåned = | dår = | skjulfødselsdag = }} | |||
'''Tarald Myrum''' (fødd 19. september 1952) er bonde i [[Valle kommune]]. Han var ordførar i Valle frå 1992 til 1999, då [[Steinar Kyrvestad]] overtok vervet. Tarald Myrum representerer [[Valle Senterparti]] og har også vore leiar av Aust-Agder Senterparti og medlem av Aust-Agder fylkesting for Senterpartiet. Der var han medlem av fylkesutvalet og leiar av fylkesvalgstyret. Etter kommunevalet i 2011 kom han tilbake i [[Valle kommunestyre]] og vart vald til ordførar att for perioden 2011 til 2015. | '''Tarald Myrum''' (fødd 19. september 1952) er bonde i [[Valle kommune]]. Han var ordførar i Valle frå 1992 til 1999, då [[Steinar Kyrvestad]] overtok vervet. Tarald Myrum representerer [[Valle Senterparti]] og har også vore leiar av Aust-Agder Senterparti og medlem av Aust-Agder fylkesting for Senterpartiet. Der var han medlem av fylkesutvalet og leiar av fylkesvalgstyret. Etter kommunevalet i 2011 kom han tilbake i [[Valle kommunestyre]] og vart vald til ordførar att for perioden 2011 til 2015. | ||
Versjonen frå 15. januar 2015 kl. 00:48
| Tarald Myrum | ||
|---|---|---|
| ||
| Født: | 19. september 1952 (73 år) | |
Tarald Myrum (fødd 19. september 1952) er bonde i Valle kommune. Han var ordførar i Valle frå 1992 til 1999, då Steinar Kyrvestad overtok vervet. Tarald Myrum representerer Valle Senterparti og har også vore leiar av Aust-Agder Senterparti og medlem av Aust-Agder fylkesting for Senterpartiet. Der var han medlem av fylkesutvalet og leiar av fylkesvalgstyret. Etter kommunevalet i 2011 kom han tilbake i Valle kommunestyre og vart vald til ordførar att for perioden 2011 til 2015.
I tillegg til politikken har han vore sterkt engasjert i Valle IL, der han har vore leiar ei årrekke. Han var pådrivar for å få reist Vallehalli medan han var ordførar. Sjølv er han aktiv på ski og har gått Sesilåmi ei rekke gonger og er med i leiinga av rennet. Han har og gått Birkebeinerrennet og Vasalopppet.
På garden driv han og kona Randi Gåserud Myrum melkeproduksjon og har som ein av dei fyrste i Setesdal fått installert melkerobot i fjøset. Dei har sonen Lars Tarald Myrum. Tarald Myrum var styreleiar i Setesdalstunet AS, eit selskap som eig fleire av bygningane ved Riksveg 9 i Valle sentrum, mellom anna bygningen der Valle Radio held til, men då han vart ordførar i 2011, overtok Knut H. Nomeland dette vervet.
Tarald Myrum gjekk ut av Hornnes gymnas i 1973. Sidan studerte han på Norges Landbrukshøgskole, der han avslutta studiene i 1979. Så var han leiar i Setesdal Forsøksring ein periode før han overtok heimegarden.
| Aner til Tarald Myrum | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Tarald Myrum runda 60 år. Artikkel i Setesdølen nr. 77, 2012 side 4
