Handballgruppa Otra IL: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Historie: litt om andre halvdel 1960-tall
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Historie: om kampene utenbygds
Line 12: Line 12:
Hausten 1968 blei ein ny handballbane opparbeidd og asfaltert inne på [[Dyrskuplassen]] på Evje. Her bidrog Forsvaret med både folk og maskiner. 22. september 1968 blei den nye banen høgtideleg opna av ordføraren.
Hausten 1968 blei ein ny handballbane opparbeidd og asfaltert inne på [[Dyrskuplassen]] på Evje. Her bidrog Forsvaret med både folk og maskiner. 22. september 1968 blei den nye banen høgtideleg opna av ordføraren.


I 1969 blei Otra sitt småpikelag krinsmeistrar. Det var aller første gong eit handballag i Otra fekk oppleve dette.
I 1969 blei Otra sitt småpikelag krinsmeistrar. Det var aller første gong eit handballag i Otra fekk oppleve dette. Jostein Berget var hovudtrenar for laget. [[Dagfinn Eriksen]] var hjelpetrenar.
 
Otra hadde dette første tiåret i lagets historie ingen handballhall der heimekampane kunne spelast. Dei laut ein spele i Vennesla eller i Kristiansand. Men i ein periode fekk laget lov til å spele heimekampane sine i ein plasthall på Evjemoen.


== Leiarar ==
== Leiarar ==

Versjonen frå 8. januar 2015 kl. 13:56

Handballgruppa i Otra IL er ein av dei største breiddehandballklubbane på Agder, med rundt 280 aktive spelarar (2014). Otra hevdar seg bra i ungdomsklassane, og rekrutterer spelarar til toppklubbane i regionen og til regionale og nasjonale talentsamlingar.

Handballgruppa har tilbod om aktivitetar for alle born frå 8 år og oppover til seniorlag for damer og herrer.

Handballaga til Otra IL spelar heimekampane sine i OtrahallenHornnes.

Historie

Jostein Berget organiserte den første handballgruppa i Otra IL. Han hadde prøvd å få i gong eit handballag på Evje alt før Otra IL vart stifta, og blei vald til den første formannen i handballgruppa då Otra kom til i 1960. Handballgruppa var såleis ei av dei fire opphavelege gruppene i idrettslaget. Med i det første styret var Anna Galteland og Hjørdis Kjebekk. Styret fann i første omgang at det var jentene dei måtte satse på å få med.

Det aller første handballaget blei danna hausten 1960. I 1961 deltok det første jentelaget i kretsserien i Vest-Agder. I 1963 var eit gutelag med for første gong. Dei første åra gjekk treningane mykje føre seg i gymsalen på Hornnes gymnas eller inne i Evjemoen militærleir. Utandørs trente handballspillerene på Evje kommunale idrettsplass.

Hausten 1968 blei ein ny handballbane opparbeidd og asfaltert inne på Dyrskuplassen på Evje. Her bidrog Forsvaret med både folk og maskiner. 22. september 1968 blei den nye banen høgtideleg opna av ordføraren.

I 1969 blei Otra sitt småpikelag krinsmeistrar. Det var aller første gong eit handballag i Otra fekk oppleve dette. Jostein Berget var hovudtrenar for laget. Dagfinn Eriksen var hjelpetrenar.

Otra hadde dette første tiåret i lagets historie ingen handballhall der heimekampane kunne spelast. Dei laut ein spele i Vennesla eller i Kristiansand. Men i ein periode fekk laget lov til å spele heimekampane sine i ein plasthall på Evjemoen.

Leiarar

Kjelder

Eksterne lenker

Handballsida på Otra IL si heimeside