Uleberg: Skilnad mellom versjonar
Uleberg |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Uleberg Der Auste 251012 (2).JPG|miniatyr|høyre|Bruket "Der Auste" på Uleberg med Svaba i bakgrunnen. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Uleberg''' er ein gard (gnr. 9) i [[Dåsvannsdalen]] i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Garden ligg mellom [[Dåsåna]] og [[Skjerka]], og med den avrunda fjelltoppen [[Svaba]] over seg. I Skjerka, aust for garden, er den svære [[Hunsfossen]]. I dag er Skjerka [[Uleberg kraftverk|regulert forbi Uleberg]], og vassføringa i fossen er ikkje som i tidlegare tider. | '''Uleberg''' er ein gard (gnr. 9) i [[Dåsvannsdalen]] i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Garden ligg mellom [[Dåsåna]] og [[Skjerka]], og med den avrunda fjelltoppen [[Svaba]] over seg. I Skjerka, aust for garden, er den svære [[Hunsfossen]]. I dag er Skjerka [[Uleberg kraftverk|regulert forbi Uleberg]], og vassføringa i fossen er ikkje som i tidlegare tider. | ||
Versjonen frå 6. januar 2015 kl. 12:30
Uleberg er ein gard (gnr. 9) i Dåsvannsdalen i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Garden ligg mellom Dåsåna og Skjerka, og med den avrunda fjelltoppen Svaba over seg. I Skjerka, aust for garden, er den svære Hunsfossen. I dag er Skjerka regulert forbi Uleberg, og vassføringa i fossen er ikkje som i tidlegare tider.
Eit bratt bergdrag går gjennom garden frå vest til aust. Dette bergdraget kan vere motivet bak berg-endinga i gardsnamnet. Oddmund Mogstad har prøvd seg på ei tolking av forstavinga Ule-. Han har synt til ei tolking av ULefoss i Telemark, som Urdarfoss, fossen ved urene. Og urer er det nok av på Uleberg og. Då kan ein ifølge Mogstad tenke seg ein liknande overgang for Uleberg. Frå Urdarbjårg over ULeberg til Uleberg.
Den første mannen ein kjenner til på Uleberg heitte Tord. Etternamnet er ukjend. Men gode grunnar talar for at ein av sonene hans var Stian T. Uleberg. Stian er den første mannen som er nemd i lensrekneskapane på Uleberg.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 246-275
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 32