Austad gamle kyrkjegard: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Siri J (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks
Line 1: Line 1:
[[Fil:Bygland, Austad gamle kyrkjegard.jpg|thumb|Kyrkjegarden sett frå aust.{{byline|Siri Johannessen|2014}}]]
[[Fil:Bygland, Austad gamle kyrkjegard.jpg|thumb|Kyrkjegarden sett frå aust.{{byline|Siri Johannessen|2014}}]]
'''Austad gamle kyrkjegard''' er den gamle kyrkjegarden frå tida då [[Austad kyrkje]] stod på [[Austad]]. I 1880, då kyrkja på [[Tveit (Bygland)|Tveit]] var ferdig, søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Men søknaden vart ikkje imøtekomen, fyrst i 1911 vart han teken i bruk att. 23. juni 1911 vart Knut Tarkjelson Austad gravlagd her. Same året kom oppsitjarane på Austad, [[Heistad (Bygland)|Heistad]], [[Ose (Bygland)|Ose]], [[Skore (Bygland)|Skore]] og [[Kile (Bygland)|Kile]] med tilbod om å halde kyrkjegarden der ved like. Det fekk dei lov til.  
'''Austad gamle kyrkjegard''' er den gamle kyrkjegarden frå tida då [[Austad kyrkje]] stod på [[Austad]]. I 1880, då kyrkja på [[Tveit (Bygland)|Tveit]] var ferdig, søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Men søknaden vart ikkje imøtekomen, fyrst i 1911 vart han teken i bruk att. 23. juni 1911 vart Knut Tarkjelson Austad gravlagd her. Same året kom oppsitjarane på Austad, [[Heistad (Bygland)|Heistad]], [[Ose]], [[Skore]] og [[Kile (Bygland)|Kile]] med tilbod om å halde kyrkjegarden der ved like. Det fekk dei lov til.  


I 1933  blei kyrkjegarden utvida ved at kyrkjegardsmuren vart flytta 5-6 meter sørover.
I 1933  blei kyrkjegarden utvida ved at kyrkjegardsmuren vart flytta 5-6 meter sørover.

Versjonen frå 16. september 2016 kl. 09:31

Kyrkjegarden sett frå aust.
Siri Johannessen (2014)

Austad gamle kyrkjegard er den gamle kyrkjegarden frå tida då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880, då kyrkja på Tveit var ferdig, søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Men søknaden vart ikkje imøtekomen, fyrst i 1911 vart han teken i bruk att. 23. juni 1911 vart Knut Tarkjelson Austad gravlagd her. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod om å halde kyrkjegarden der ved like. Det fekk dei lov til.

I 1933 blei kyrkjegarden utvida ved at kyrkjegardsmuren vart flytta 5-6 meter sørover.

I 1932 vedtok Austad sokneråd å byggje eit gravkapell på Austad kyrkjegard. Samstundes vart det vedteke å bygge eit klokketårn der, dette vart vigsla hausten 1933. Tanken var at tårnet skulle tene som våpenhus for gravkapellet, men det vart ikkje bygd. Klokka i tårnet har innskrifta «Dr. J.G. Arneberg, Bjørgulv Skore og andre bygdefolk reiste dette tårn med klokke 1933».

Her reiste «sambygdingar i Norig og Amerika» i 1912 ein bauta over spelemannen Tarkjel Aslakson Austad (1802–1875), og klokkaren og læraren Kristian Stubseid er og begraven her.

Frå avdukinga av bautaen over Tarkjel Aslakson Austad i 1912.
Foto: Leonhard Jansen sin samling
Minnet over Tarkjel A. Austad (1802–1875).
Chris Nyborg (2014)
Kristian Stubseid sitt gravminne.
Siri Johannessen (2014)

Kjelde