Birkelands gate: Skilnad mellom versjonar
s Faktatillegg |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 6: | Line 6: | ||
Gata tok til i nord frå [[Strandgata]], ved brannstasjonen, og enda i sør ved den vesle bekken som ein gong rann ut i [[Senumsundet]] ovafor [[Kjerringodden]]. Alle oddetalstomtene på vestsida vart etterkvart kjøpt opp av [[Byglandsfjord Dampsag]] som trong større plass. I samband med bygging av [[Senumsund bru]] i 1965, med tilkoplingsveg, vart Birkelandsgata forlenga sør til [[Senumsvegen]]. Partalstomtene på austsida, som fekk sine nummer av Albert Olsen, har ein nytta fram til hausten 2014. Her hadde [[Setesdal Bilruter|Setesdal Automobilrutor L/L]] tidleg kjøpt opp nr. 4, 6 og 8 med tanke på drift- og verkstadbygg. | Gata tok til i nord frå [[Strandgata]], ved brannstasjonen, og enda i sør ved den vesle bekken som ein gong rann ut i [[Senumsundet]] ovafor [[Kjerringodden]]. Alle oddetalstomtene på vestsida vart etterkvart kjøpt opp av [[Byglandsfjord Dampsag]] som trong større plass. I samband med bygging av [[Senumsund bru]] i 1965, med tilkoplingsveg, vart Birkelandsgata forlenga sør til [[Senumsvegen]]. Partalstomtene på austsida, som fekk sine nummer av Albert Olsen, har ein nytta fram til hausten 2014. Her hadde [[Setesdal Bilruter|Setesdal Automobilrutor L/L]] tidleg kjøpt opp nr. 4, 6 og 8 med tanke på drift- og verkstadbygg. | ||
Etter nedlegging av [[Setesdalsbanen]] og Byglandsfjord Dampsag, fekk [[Setesdal Bilruter]] ei etterlengta utviding. Eit nytt verkstadbygg vart sett opp tvers over Birkelandsgata i 1982 og gata vart såleis delt. Etter at Bilruta flytta til [[Evje]] har har verkstad og | Etter nedlegging av [[Setesdalsbanen]] og Byglandsfjord Dampsag, fekk [[Setesdal Bilruter]] ei etterlengta utviding. Eit nytt verkstadbygg vart sett opp tvers over Birkelandsgata i 1982 og gata vart såleis delt. Etter at Bilruta flytta til [[Evje]] har har verkstad og uteområde sidan 2008 blitt nytta til båthotell og produksjon av store plastbåtar. | ||
Birkelands gate fekk også ei ny tilkopling til mot [[Stasjonsvegen]] i 1982, og denne biten fekk namnet Birkelands gate i 2014. I 1982 vart også tilkoplinga til [[Senumsvegen]] fjerna, | Birkelands gate fekk også ei ny tilkopling til mot [[Stasjonsvegen]] i 1982, og denne biten fekk namnet Birkelands gate i 2014. I 1982 vart også tilkoplinga til [[Senumsvegen]] fjerna, men Birkelands gate fekk i staden endå ein ny bit, nå mot [[Kjøpmannsgata]]. Denne stubben fekk omsider også dette namnet, 32 år seinare, i 2014. | ||
==Kjelde== | ==Kjelde== | ||
Versjonen frå 29. november 2014 kl. 11:24
Birkelands gate, som fram til 2014 heitte Birkelandsgata, er ei av gatene på Byglandsfjord i frå reguleringa til Albert Olsen mellom 1910 og 1920. Dette var ein kar frå Kristiansand som hadde kjøpt opp heile Salbergmoen sør for Gunder Abusdal si regulering langs Strandgata. Han ville kalle dette for Albertstad, men mellom folk vart det heitande Musemonen.
Ingen veit sikkert kvifor gata fekk dette namnet for rundt 100 år sidan, men det er mogeleg at det er etter ein ven eller slektning av Albert Olsen. Visstnok skal det på den tida ha vore ein funksjonær på Byglandsfjord Dampsag med dette etternamnet. Kan hende gata har namn etter han?
Historikk
Gata tok til i nord frå Strandgata, ved brannstasjonen, og enda i sør ved den vesle bekken som ein gong rann ut i Senumsundet ovafor Kjerringodden. Alle oddetalstomtene på vestsida vart etterkvart kjøpt opp av Byglandsfjord Dampsag som trong større plass. I samband med bygging av Senumsund bru i 1965, med tilkoplingsveg, vart Birkelandsgata forlenga sør til Senumsvegen. Partalstomtene på austsida, som fekk sine nummer av Albert Olsen, har ein nytta fram til hausten 2014. Her hadde Setesdal Automobilrutor L/L tidleg kjøpt opp nr. 4, 6 og 8 med tanke på drift- og verkstadbygg.
Etter nedlegging av Setesdalsbanen og Byglandsfjord Dampsag, fekk Setesdal Bilruter ei etterlengta utviding. Eit nytt verkstadbygg vart sett opp tvers over Birkelandsgata i 1982 og gata vart såleis delt. Etter at Bilruta flytta til Evje har har verkstad og uteområde sidan 2008 blitt nytta til båthotell og produksjon av store plastbåtar.
Birkelands gate fekk også ei ny tilkopling til mot Stasjonsvegen i 1982, og denne biten fekk namnet Birkelands gate i 2014. I 1982 vart også tilkoplinga til Senumsvegen fjerna, men Birkelands gate fekk i staden endå ein ny bit, nå mot Kjøpmannsgata. Denne stubben fekk omsider også dette namnet, 32 år seinare, i 2014.