Austad gamle kyrkjegard: Skilnad mellom versjonar
samsvar |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
{| | {| | ||
|- | |- | ||
|[[Fil:Austad, Tarkjel Aslakson CN.JPG|thumb|Minnet over [[ | |[[Fil:Tarkjell Aslakson Austads bauta.jpg|thumb|]] | ||
|[[Fil:Austad, Tarkjel Aslakson bak detalj.jpg|thumb|Baksida av | |[[Fil:Austad, Tarkjel Aslakson CN.JPG|thumb|Minnet over [[Tarkjel Aslakson Austad|Tarkjel A. Austad]] (1802–1875).{{byline|Chris Nyborg|2014}}]] | ||
|[[Fil:Austad, Tarkjel Aslakson bak detalj.jpg|thumb|Baksida av Tarkjel A. Austad sitt minne.{{byline|Siri Johannessen|2014}}]] | |||
|[[Fil:Stubseid, Kristian (1897 - 1976).jpg|thumb|[[Kristian Stubseid]] sitt gravminne.{{byline|Siri Johannessen|2014}}]] | |[[Fil:Stubseid, Kristian (1897 - 1976).jpg|thumb|[[Kristian Stubseid]] sitt gravminne.{{byline|Siri Johannessen|2014}}]] | ||
|} | |} | ||
Versjonen frå 18. november 2014 kl. 11:19

Austad gamle kyrkjegard er den gamle kyrkjegarden frå tida då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880, då kyrkja på Tveit var ferdig, søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Men søknaden vart ikkje imøtekomen, fyrst i 1911 vart han teken i bruk att. 23. juni 1911 vart Knut Tarkjelson Austad gravlagd her. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod om å halde kyrkjegarden der ved like. Det fekk dei lov til.
I 1933 blei kyrkjegarden utvida ved at kyrkjegardsmuren vart flytta 5-6 meter sørover.
I 1932 vedtok Austad sokneråd å byggje eit gravkapell på Austad kyrkjegard. Samstundes vart det vedteke å bygge eit klokketårn der, dette vart vigsla hausten 1933. Tanken var at tårnet skulle tene som våpenhus for gravkapellet, men det vart ikkje bygd. Klokka i tårnet har innskrifta «Dr. J.G. Arneberg, Bjørgulv Skore og andre bygdefolk reiste dette tårn med klokke 1933».
Her reiste «sambygdingar i Norig og Amerika» i 1912 ein bauta over spelemannen Aslak Tarjeison Austad (1802–1875), og klokkaren og læraren Kristian Stubseid er og begraven her.
Chris Nyborg (2014) |
Siri Johannessen (2014) |
Siri Johannessen (2014) |
Kjelde
- Vollen, Reidar: Bygland gard og ætt bind III Austad, Ose, Skore, Kile. ISBN 82-993677-4-3 side 430, spalte 2


