Heimar og folk i Bykle: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Heimar og folk i Bykle
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
ref
Line 9: Line 9:
Ei bygdebok trykt på papir vil ofte ha feil kort tid etter at ho er komen ut. I arbeidet med Heimar og folk i Bykle var det kome inn rettingar under arbeidet som ikkje hadde kome med i bøkene, noko som førte til så mange reaksjonar at salet av bøkene vart stoppa. Det vart då bestemt at det skulle lagast eit tilleggsband med rettingar.  

I samband med dette vart Norsk Lokalhistorisk Institutt kontakta. Det kom då opp eit forslag om å digitalisere Heimar og folk i Bykle og legge heile verket ut på Lokalhistoriewiki. Etter ein presentasjon for bygdesogenemnda og seinare handsaming i [[Bykle kommunestyre]] i 2014, løyvde Bykle kommune midlar til digitalisering. NLI tok ansvaret for dette og for å rette opp feil og følgje det vidare arbeidet med korrigering og oppdatering av bøkene.  
I samband med dette vart Norsk Lokalhistorisk Institutt kontakta. Det kom då opp eit forslag om å digitalisere Heimar og folk i Bykle og legge heile verket ut på Lokalhistoriewiki. Etter ein presentasjon for bygdesogenemnda og seinare handsaming i [[Bykle kommunestyre]] i 2014, løyvde Bykle kommune midlar til digitalisering, i første omgang 136.000 kroner.<ref>Notis i [[Setesdølen nr. 76, 2014]] side 16: ''Kommunestyret i Bykle har vedteke å engasjere Norsk Lokalhistorisk Institutt til å rette opp feil i bygdebøkene Heimar og folk i Bykle innanfor ei kostnadsramme på 136.000 kroner. Dette blir kalla fase 1. Viss ein skal halde fram med samarbeidet etter dette, vil kommunestyret kome attende til saka, heiter det.''</ref> NLI tok ansvaret for dette og for å rette opp feil og følgje det vidare arbeidet med korrigering og oppdatering av bøkene.  

Bykle blir dermed den første kommunen i Noreg med ei fullstendig gards- og ættesoge i digital form.
Bykle blir dermed den første kommunen i Noreg med ei fullstendig gards- og ættesoge i digital form.
Line 16: Line 16:
*[http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Heimar_og_folk_i_Bykle Artikkel om Heimar og folk i Bykle på Lokalhistoriewiki]
*[http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Heimar_og_folk_i_Bykle Artikkel om Heimar og folk i Bykle på Lokalhistoriewiki]

== Referanser ==
<references>

</references>
[[Kategori:Bykle i bokhyllen]]
[[Kategori:Bykle i bokhyllen]]

Versjonen frå 30. oktober 2014 kl. 00:50

Band 1 av Heimar og folk i Bykle

Heimar og folk i Bykle er gards- og ættesoge for Bykle kommune. Verket er i fem bind og kom ut samla i 2006. Forfattar er Aanund Olsnes.

Etter at kommunen i 1966 hadde fått Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen, kom ein på 1990-talet til at det burde lagast eit større og oppdatert verk. Det vart nedsett ei nemnd med Bjarne Tveiten som leiar. Frå starten var også Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen og Folke Nesland med i nemnda. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege.

Først i Norge

Ei bygdebok trykt på papir vil ofte ha feil kort tid etter at ho er komen ut. I arbeidet med Heimar og folk i Bykle var det kome inn rettingar under arbeidet som ikkje hadde kome med i bøkene, noko som førte til så mange reaksjonar at salet av bøkene vart stoppa. Det vart då bestemt at det skulle lagast eit tilleggsband med rettingar.

I samband med dette vart Norsk Lokalhistorisk Institutt kontakta. Det kom då opp eit forslag om å digitalisere Heimar og folk i Bykle og legge heile verket ut på Lokalhistoriewiki. Etter ein presentasjon for bygdesogenemnda og seinare handsaming i Bykle kommunestyre i 2014, løyvde Bykle kommune midlar til digitalisering, i første omgang 136.000 kroner.[1] NLI tok ansvaret for dette og for å rette opp feil og følgje det vidare arbeidet med korrigering og oppdatering av bøkene.

Bykle blir dermed den første kommunen i Noreg med ei fullstendig gards- og ættesoge i digital form.

Kjelder

Referanser

  1. Notis i Setesdølen nr. 76, 2014 side 16: Kommunestyret i Bykle har vedteke å engasjere Norsk Lokalhistorisk Institutt til å rette opp feil i bygdebøkene Heimar og folk i Bykle innanfor ei kostnadsramme på 136.000 kroner. Dette blir kalla fase 1. Viss ein skal halde fram med samarbeidet etter dette, vil kommunestyret kome attende til saka, heiter det.