Evje og Hornnes museum, Fennefoss: Skilnad mellom versjonar
s Rettet tegnsetting |
s Rettet tegnsetting |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Evje og Hornnes geomuseum Fennefoss Evje 230614 (1).JPG|miniatyr| | [[Fil:Evje og Hornnes geomuseum Fennefoss Evje 230614 (1).JPG|miniatyr|Museet på Fennefoss St. Hansaften 2014. Foto: [[Geir Daasvatn]]]] | ||
'''Evje og Hornnes geomuseum''' ligg idyllisk til på [[Fennefoss]], på vestsida av [[Otra]]. Det vart etablert som eit bygdemuseum i 1975. I dag er det ei samling under [[Setesdalsmuseet]]. | '''Evje og Hornnes geomuseum''' ligg idyllisk til på [[Fennefoss]], på vestsida av [[Otra]]. Det vart etablert som eit bygdemuseum i 1975. I dag er det ei samling under [[Setesdalsmuseet]]. | ||
Versjonen frå 17. oktober 2014 kl. 00:41
Evje og Hornnes geomuseum ligg idyllisk til på Fennefoss, på vestsida av Otra. Det vart etablert som eit bygdemuseum i 1975. I dag er det ei samling under Setesdalsmuseet.
På museet er det utstillingar frå livet på garden i perioden 1800-1910. Evje gamle apotek frå 1910 er Setesdals eldste apotek. Museet har dessutan ei stor utstilling av lokal rosemåling og ølhøner.
Viktigast og mest omfattande er dei geologiske og mineralogiske utstillingane. Evje/Iveland er verdskjend for mineralrikdomen sin. På museet er det ei stor utstilling med lokale mineral. Fleire temautstillingar viser korleis mineral blir brukt i vårt moderne samfunn. I tillegg er det spennande utstillingar om Flåt nikkelgruve og om Pierre og Marie Curie. Museet har ei stor samling av lokale smykkesteinar.
Kjelder
- Kulturplan for Evje og Hornnes 2010-2020, vedteken av Evje og Hornnes kommunestyre 12. november 2010
- Plakat/oppslag ved museet