Arbeidstenesta: Skilnad mellom versjonar
Arbeidstjenesten |
utvida med distrikta |
||
| Line 3: | Line 3: | ||
==Militær disiplin== | ==Militær disiplin== | ||
Sjølv om Arbeidstenesta vart utførd under militær disiplin, nytta ein spade i staden for gevær under eksersisen. Alle unge menn vart kalla inn etter fylte 20 år, og omlag ein tredjepart av desse måtte gjera teneste i opp til 6 månader. Desse vart sett til diverse samfunnsnyttig arbeid, men ein del av tida gjekk óg med til å lære om Nasjonal Samlings ideologi. Av mange var Arbeidstenesta oppfatta som tvangsarbeid for tyskarane, men leiinga i Arbeidsteneste var vel meir oppteken av å unngå å arbeide for okkupantane. Den norske general Otto Ruge, som hadde leia motstanden mot invasjonen i 1940, så det som positivt at tidlegare norske offiserar var med i leiinga av Arbeidstenesta, helst for å unngå at tyskarane fekk for mykje kontroll over desse ungdomane. | Sjølv om Arbeidstenesta vart utførd under militær disiplin, nytta ein spade i staden for gevær under eksersisen. Alle unge menn vart kalla inn etter fylte 20 år, og omlag ein tredjepart av desse måtte gjera teneste i opp til 6 månader. Desse vart sett til diverse samfunnsnyttig arbeid, men ein del av tida gjekk óg med til å lære om Nasjonal Samlings ideologi. Av mange var Arbeidstenesta oppfatta som tvangsarbeid for tyskarane, men leiinga i Arbeidsteneste var vel meir oppteken av å unngå å arbeide for okkupantane. Den norske general Otto Ruge, som hadde leia motstanden mot invasjonen i 1940, så det som positivt at tidlegare norske offiserar var med i leiinga av Arbeidstenesta, helst for å unngå at tyskarane fekk for mykje kontroll over desse ungdomane. | ||
== Anerkjenning == | |||
I eit notat frå Forsvarets Overkommando i London, 4. august 1944, heiter det: ''Arbeidstjenesten hittil i virkeligheten er en av de bedrifter som har utført lite arbeid for tyskerne mens den i stor utstrekning har utført arbeid av varig verdi for landet (nyrydding, grøfting, gårds- og seterveibygging m.v.)'' I Riksarkivet er det 50 hyllemeter etter Arbeidstenesta. | |||
== Lite effektiv == | == Lite effektiv == | ||
Jan Egil Hansen har rekna ut kor mange dagsverk Arbeidstenesta utførde i desse åra sett opp mot kostnaden av å drifte denne tenesta, og det er lite å skryte av. I perioden 1941-44 vart det utførd 404.776 løna dagsverk fordelt på 40.600 personar, noko som gjev om lag 10 dagsverk for kvar tenestegjerande. | Jan Egil Hansen har rekna ut kor mange dagsverk Arbeidstenesta utførde i desse åra sett opp mot kostnaden av å drifte denne tenesta, og det er lite å skryte av. I perioden 1941-44 vart det utførd 404.776 løna dagsverk fordelt på 40.600 personar, noko som gjev om lag 10 dagsverk for kvar tenestegjerande. | ||
Arbeidstenesta var delt i seks arbeidsdistrikt: | |||
*1. Arbeidsdistrikt, med staben i Oslo, omfattet Østfold, Akershus og Hedmark. | |||
*2. Arbeidsdistrikt - Vestfold, Telemark, Buskerud og Oppland. | |||
*3. Arbeidsdistrikt - Aust- og Vest-Agder samt Rogaland. | |||
*4. Arbeidsdistrikt - Hordaland (Bergen inkludert) og Sogn og Fjordane. | |||
*5. Arbeidsdistrikt - Møre og Romsdal, Sør og NordTrøndelag og Nordland. | |||
*6. Arbeidsdistrikt - Troms og Finnmark. | |||
Med unntak av 6. Arbeidsdistrikt var Arbeidstenesta godt utbygd med opp til 80–90 leirar på i heile landet. | |||
== Lokale spor == | == Lokale spor == | ||
| Line 15: | Line 24: | ||
==Kjelde== | ==Kjelde== | ||
*Torgeir Eikeland: ''Sprengt av Max - glemt av de fleste''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen|Fædrelandsvennen Innsikt]] [[21. oktober 2011]] side 2 og 3. | *Torgeir Eikeland: ''Sprengt av Max - glemt av de fleste''. Artikkel i [[Fædrelandsvennen|Fædrelandsvennen Innsikt]] [[21. oktober 2011]] side 2 og 3. | ||
==Eksterne lenker== | |||
*[http://www.novus.no/pdf/LM310_s42-43_lett.pdf PDF frå Lokalhistorisk Magasin 3/2010 med artikkelen ''Mastergradsprosjekt ved UiA | |||
Arbeidstjenesten 1940—45'' av Jan Egil Hansen] | |||
[[Kategori:Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 24. oktober 2011 kl. 23:56
Arbeidstenesta i Noreg var okkupasjonstidas svar på den militære fyrstegongstenesta slik den var organisert i Norge frå 1945 og framover. Tenesta var obligatorisk, og omfatta heile 40.600 unge menn i tida 1940-45. Jan Egil Hansen frå Evje skreiv i 2011 masteroppgåva Stripete poteter og grumsete grøfter då han tok mastergraden ved Universitetet i Agder.
Militær disiplin
Sjølv om Arbeidstenesta vart utførd under militær disiplin, nytta ein spade i staden for gevær under eksersisen. Alle unge menn vart kalla inn etter fylte 20 år, og omlag ein tredjepart av desse måtte gjera teneste i opp til 6 månader. Desse vart sett til diverse samfunnsnyttig arbeid, men ein del av tida gjekk óg med til å lære om Nasjonal Samlings ideologi. Av mange var Arbeidstenesta oppfatta som tvangsarbeid for tyskarane, men leiinga i Arbeidsteneste var vel meir oppteken av å unngå å arbeide for okkupantane. Den norske general Otto Ruge, som hadde leia motstanden mot invasjonen i 1940, så det som positivt at tidlegare norske offiserar var med i leiinga av Arbeidstenesta, helst for å unngå at tyskarane fekk for mykje kontroll over desse ungdomane.
Anerkjenning
I eit notat frå Forsvarets Overkommando i London, 4. august 1944, heiter det: Arbeidstjenesten hittil i virkeligheten er en av de bedrifter som har utført lite arbeid for tyskerne mens den i stor utstrekning har utført arbeid av varig verdi for landet (nyrydding, grøfting, gårds- og seterveibygging m.v.) I Riksarkivet er det 50 hyllemeter etter Arbeidstenesta.
Lite effektiv
Jan Egil Hansen har rekna ut kor mange dagsverk Arbeidstenesta utførde i desse åra sett opp mot kostnaden av å drifte denne tenesta, og det er lite å skryte av. I perioden 1941-44 vart det utførd 404.776 løna dagsverk fordelt på 40.600 personar, noko som gjev om lag 10 dagsverk for kvar tenestegjerande.
Arbeidstenesta var delt i seks arbeidsdistrikt:
- 1. Arbeidsdistrikt, med staben i Oslo, omfattet Østfold, Akershus og Hedmark.
- 2. Arbeidsdistrikt - Vestfold, Telemark, Buskerud og Oppland.
- 3. Arbeidsdistrikt - Aust- og Vest-Agder samt Rogaland.
- 4. Arbeidsdistrikt - Hordaland (Bergen inkludert) og Sogn og Fjordane.
- 5. Arbeidsdistrikt - Møre og Romsdal, Sør og NordTrøndelag og Nordland.
- 6. Arbeidsdistrikt - Troms og Finnmark.
Med unntak av 6. Arbeidsdistrikt var Arbeidstenesta godt utbygd med opp til 80–90 leirar på i heile landet.
Lokale spor
Lokale spor etter Arbeidstenesta finn ein ennå i Hornnes. Hannåsleiren vart bygd opp frå botnen av som ein Arbeidstenesteleir, og vart brukt av Forsvaret i alle år etter at krigen var over, inntil både denne leiren og Evjemoen til slutt vart nedlagd. Hannåsleiren er nå i privat eige.
Kjelde
- Torgeir Eikeland: Sprengt av Max - glemt av de fleste. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 21. oktober 2011 side 2 og 3.
Eksterne lenker
- [http://www.novus.no/pdf/LM310_s42-43_lett.pdf PDF frå Lokalhistorisk Magasin 3/2010 med artikkelen Mastergradsprosjekt ved UiA
Arbeidstjenesten 1940—45 av Jan Egil Hansen]