Vikestølvatnet: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Helland (diskusjon | bidrag)
s Kart
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Språkpuss
 
(13 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
'''Vikestølvatnet''' ligg inne mellom heiene aust i [[Evje]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Det er 1,4 kvadratkilometer stort. Ut av vatnet renn [[Håtveitåna]] ned i [[Lislevatnet]] og vidare austover i [[Vegusdal]] til [[Tovdalselva]].
[[Fil:Vikstølvatnet Evje 310714.JPG|miniatyr|høyre|Vikstølvatnet sommaren 2014. Vatnet var då mykje nedtappa i samband med utbygging av Lislevatn kraftverk, som skal bruke Vikstølvatnet som inntaksmagasin. {{byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Vikestølvatnet''' ligg inne mellom heiene aust i [[Evje]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Det er 1,4 km² stort. Ut av vatnet renn [[Håtveitåna]] ned i [[Lislevatnet]] og vidare austover i [[Vegusdal]] til [[Tovdalselva]].
 
Vikstølvatnet har ein naturleg vasstand på ca 437 m.o.h. Men vatnet vart regulert i samband med utnytting av [[Uldalsvassdraget]] til kraftproduksjon ([[Hanefoss kraftverk]]). Konsesjon til den utbygginga blei gjeven i 1957. Regulanten, Agder Energi Produksjon AS, har hatt løyve til å regulere vasshøgda med inntil 16 m. Dette har ført til at Vikstølvatnet i åra etter kraftutbygginga har hatt sterkt varierande vasstand, med stadige nedtappingar og oppfyllingar. Nedtappingane har skjedd gjennom ein tappetunnell gjennom fjellet og ut i [[Håtveitåna]] rett nedanfor [[Håtveitfossen]] i sørenden av Vikstølvatnet.
 
I 2012 gav Norges vassdrags- og energidirektorat Agder Energi Produksjon AS løyve til å byggje [[Lislevatn kraftverk]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Lislevatn kraftverk vil nytte Vikstølvatnet som inntaksmagasin. Tiltaket vil venteleg innebere at vatnet, som i dag vert regulert med inntil 16 m, jamt over vil få ein høgare og meir stabil vasstand. Regulanten vil av omsyn til erosjonsproblem ha ein sjølvpålagt, lågaste normal driftsvasstand i Vikstølvatnet på kote 428,67, dvs. maksimalt 8 m under naturleg vasstand. Bare ved trong for vedlikehald eller av omsyn til overordna vassføringskrav nedstraums vil magasinet tappast ned under kote 428,67.
 
==Kjelder==
Norges vassdrags- og energidirektorat, ''Vassdragskonsesjon til Lislevatn kraftverk'', dagsett 19. april 2012


==Kart==
==Kart==
{{kart}}
{{#display_map: 58.588982335488,7.964229583740234~Vikstølvatnet Evje}}


[[Kategori:Vatn i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Vatn i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Evje]]
[[Kategori:Tovdalsvassdraget]]

Siste versjonen frå 14. august 2023 kl. 08:44

Vikstølvatnet sommaren 2014. Vatnet var då mykje nedtappa i samband med utbygging av Lislevatn kraftverk, som skal bruke Vikstølvatnet som inntaksmagasin.

Vikestølvatnet ligg inne mellom heiene aust i Evje i Evje og Hornnes kommune. Det er 1,4 km² stort. Ut av vatnet renn Håtveitåna ned i Lislevatnet og vidare austover i Vegusdal til Tovdalselva.

Vikstølvatnet har ein naturleg vasstand på ca 437 m.o.h. Men vatnet vart regulert i samband med utnytting av Uldalsvassdraget til kraftproduksjon (Hanefoss kraftverk). Konsesjon til den utbygginga blei gjeven i 1957. Regulanten, Agder Energi Produksjon AS, har hatt løyve til å regulere vasshøgda med inntil 16 m. Dette har ført til at Vikstølvatnet i åra etter kraftutbygginga har hatt sterkt varierande vasstand, med stadige nedtappingar og oppfyllingar. Nedtappingane har skjedd gjennom ein tappetunnell gjennom fjellet og ut i Håtveitåna rett nedanfor Håtveitfossen i sørenden av Vikstølvatnet.

I 2012 gav Norges vassdrags- og energidirektorat Agder Energi Produksjon AS løyve til å byggje Lislevatn kraftverk i Evje og Hornnes kommune. Lislevatn kraftverk vil nytte Vikstølvatnet som inntaksmagasin. Tiltaket vil venteleg innebere at vatnet, som i dag vert regulert med inntil 16 m, jamt over vil få ein høgare og meir stabil vasstand. Regulanten vil av omsyn til erosjonsproblem ha ein sjølvpålagt, lågaste normal driftsvasstand i Vikstølvatnet på kote 428,67, dvs. maksimalt 8 m under naturleg vasstand. Bare ved trong for vedlikehald eller av omsyn til overordna vassføringskrav nedstraums vil magasinet tappast ned under kote 428,67.

Kjelder

Norges vassdrags- og energidirektorat, Vassdragskonsesjon til Lislevatn kraftverk, dagsett 19. april 2012

Kart

Laster kart ...