Gråmannshusvisa: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Gråmannshusvisa
 
Siri J (diskusjon | bidrag)
s lenkefiks
 
(4 mellomliggjande versjonar av éin annan brukar er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
'''Gråmannshusvisa''' er ei vise som bygdediktaren og seinare stortingsmannen [[:no:Tormod Knutsen Borgejordet|Tormod Knutsen Borgejordet]] frå Kviteseid laga om ei hending som gjekk føre seg på Dalen i Telemark mellom Sigrid Halvorsdotter Bratterud og Olav Gråmannshus tidleg på 1800-talet. Visa stod i viseboka Millom fjelli blå som Knut Sudgarden frå Langlim i Seljord gav ut i 1956. [[Arne T. Aabø]] fortel i ein artikkel om visa at Tormod Knutsen Borgejordet tok seg arbeid som slåttekar hjå Olav Gråmannshus på [[Gråmannshus]] i Valle ein sumar, og då song han visa for Olav. «Hadde eg visst kven som hev dikta den visa, skulle han ha fenge juling så det muna», sa Olav etter at Tormod hadde sunge visa for han.  
'''Gråmannshusvisa''' er ei vise som bygdediktaren og seinare stortingsmannen [[:no:Tormod Knudsen Borgejorde|Tormod Knudsen Borgejorde]] frå Kviteseid laga om ei hending som gjekk føre seg på Dalen i Telemark mellom Sigrid Halvorsdotter Bratterud og Olav Gråmannshus tidleg på 1800-talet. Visa stod i viseboka Millom fjelli blå som Knut Sudgarden frå Langlim i Seljord gav ut i 1956. [[Arne T. Aabø]] fortel i ein artikkel om visa at Tormod Knutsen Borgejordet tok seg arbeid som slåttekar hjå Olav Gråmannshus på [[Gråmannshus (Valle gnr 29)|Gråmannshus]] i Valle ein sumar, og då song han visa for Olav. «Hadde eg visst kven som hev dikta den visa, skulle han ha fenge juling så det muna», sa Olav etter at Tormod hadde sunge visa for han.  


==Gråmannshusvisa==
==Gråmannshusvisa==
Line 24: Line 24:
som ho som snøggast ha' havt til sin ven.
som ho som snøggast ha' havt til sin ven.


Då ho no kom deer den sellen var heime,
Då ho no kom der den sellen var heime,
og han fekk sjå ho var horveleg vid,
og han fekk sjå ho var horveleg vid,
gjor' han ein akkord med henne åleine
gjor' han ein akkord med henne åleine
Line 58: Line 58:
Alle hev lyte og ingen er fri,
Alle hev lyte og ingen er fri,
narra av skjebnen så mange kan bli.
narra av skjebnen så mange kan bli.
</poem>


==Kjelde==
==Kjelde==

Siste versjonen frå 12. januar 2022 kl. 18:49

Gråmannshusvisa er ei vise som bygdediktaren og seinare stortingsmannen Tormod Knudsen Borgejorde frå Kviteseid laga om ei hending som gjekk føre seg på Dalen i Telemark mellom Sigrid Halvorsdotter Bratterud og Olav Gråmannshus tidleg på 1800-talet. Visa stod i viseboka Millom fjelli blå som Knut Sudgarden frå Langlim i Seljord gav ut i 1956. Arne T. Aabø fortel i ein artikkel om visa at Tormod Knutsen Borgejordet tok seg arbeid som slåttekar hjå Olav Gråmannshus på Gråmannshus i Valle ein sumar, og då song han visa for Olav. «Hadde eg visst kven som hev dikta den visa, skulle han ha fenge juling så det muna», sa Olav etter at Tormod hadde sunge visa for han.

Gråmannshusvisa

Då Olav Gråmannshus kom seg til Dalen
trefte han Sigrid den skjøkja så grei.
Blei han av elskhug så rasande galen,
bad at ho ikkje vil seia han nei.
Sigrid ho konn' no så mangt finne på
ho ville 'kje Olavs begjæring avslå.

So hende det seg ei forsamling på tinget,
då var det folk som fekk sjå hoss dei fôr.
Tok so den sellen so fælt til å springe,
hoppa eit gjerde tri alner frå jord.
Då fekk dei sjå at den soga var sann,
at reven slett ikkje var raskar' enn han.

Sigrid ho var no så full utav grillur,
full utav klokskap og falskhet og svik.
Ho stappa sin mage so full utav fillur
at ho såg ut som ei utstoppa hit.
Seinast om hausten ho reiste til den
som ho som snøggast ha' havt til sin ven.

Då ho no kom der den sellen var heime,
og han fekk sjå ho var horveleg vid,
gjor' han ein akkord med henne åleine
at ho for honom skull' seia seg fri.
Då fekk ho pening og då fekk ho tjeld,
då fekk ho dagshyre nok for ein kveld.

Sigrid ho tøvra i bygdi so lenge
at hennars svik blei for alle bekjent.
Olav han trega på det ho ha fenge,
og honoms syster til henne blei sendt.
Narra so av ho ei sy' i ein hast
innan dei slutta blei det fan' til kast

Då dei kvarandre i hårflettun fata
eg det 'kje såg, men det er for meg sagt.
Dei som det såg, sa at Sigrid 'kje bata
om ho var dobbelt å rekne i makt.
Då dei kvarandre i hårflettun sleit,
Sigrid laut sleppe då sæbyggja beit.

Fær no 'kje Sigrid atte si sye,
stemner ho Olav til Setesdals ting.
Då fær han sjå at ho kan honom fylgje,
då fær han lense på medelen sin.
Då fær han sjå han hev kome i lag
med det forbannade Bratterudslag.

Det hender tidt at ein mann blir bedregen
utav ei skjøkje som steller seg godt.
Baketter bli' han nok helste forlegen,
difor sill' Olav forhånast med spott.
Alle hev lyte og ingen er fri,
narra av skjebnen så mange kan bli.

Kjelde