Morgon: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
<poem> |
omkat |
||
| Line 12: | Line 12: | ||
</poem> | </poem> | ||
[[Kategori:Dikt]] | [[Kategori:Dikt av Ingvald Langemyr]] | ||
Siste versjonen frå 23. mars 2013 kl. 15:38
Morgon er eit dikt av Ingvald Langemyr. Det stod i Setesdølen nr. 94, 2004 side 3.
Kvar morgon kjem ein mann
og hentar bladet i kassa ved vegen.
Eg har henta mitt blad - tidleg,
mannen gjeng i mine far i snøen.
Men eg gjekk i fara
etter dei som la blada i kassene
i halvtotida om natta.
Alltid er det nokon som gjeng føre.