Oppreisten i 1541: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Utvidet litt
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks kultursoga
 
Line 5: Line 5:
== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Olav Bø]], ''[[Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum]]'', Det Norske Samlaget, 1991, side 10
*[[Olav Bø]], ''[[Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum]]'', Det Norske Samlaget, 1991, side 10
*[[Leonhard Jansen]], ''Valle kommune VII - Kultursoge 1'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 154–157
*[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 154–157


[[Kategori:Valle]]
[[Kategori:Valle]]
[[Kategori:Historie]]
[[Kategori:Historie]]

Siste versjonen frå 23. februar 2022 kl. 21:38

Oppreisten i 1541 var eit bondeopprør, der ein flokk bønder frå Valle og etter kvart andre bygder nedover i Setesdal drog til Nedenes og overfall fogden Peder Hansson. Han fekk 18 klubbeslag; eitt frå kvar av dei som var med. Dei skal etter dette ha blitt overmodige, og gav seg i veg vestover til lensherren Stig Skafsten Bagge på Eikeland i Kvinesdal for å ta han i same slengen. Men Bagge fekk kjennskap til flokken, samla folk og gjekk imot dei. I slagsmålet som følgde, mista ein av dølane livet. Fire andre vart tekne til fange, mellom dei leiaren. Minst to, kanskje alle fire, blei seinare avretta. Andre greidde å røme. Futen i Nedenes skal ha kome seg etter den harde medfarten.

I motsetnad til ein del andre historiar og vandresegner om liknande bondeopprør, er Valle-bøndene sin oppreist i 1541 tåleg godt dokumentert. Mellom anna skreiv lensherre Bagge ein rapport eller eit brev om opprøret kort tid etter hendinga.

Kjelder