Kvilldal kraftverk: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s →Eksterne lenker: rettet skrivefeil |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
[[Kategori:Kraftverk]] | [[Kategori:Kraftverk]] | ||
[[Kategori:Vannkraft]] | |||
[[Kategori:Næringsliv i Suldal]] | [[Kategori:Næringsliv i Suldal]] | ||
Siste versjonen frå 2. september 2024 kl. 09:38
Kvilldal kraftverk ligg ved Suldalsvatnet i Suldal i Rogaland. Det er ein del av Ulla-Førre-reguleringa. Kraftverket er Norges største målt i installert effekt. Det blei sett i drift i perioden 1981–1986. Installert effekt er 1240 MW fordelt på fire Francisaggregat på 310 MW kvar. Største fallhøgde er 538 meter og samla maksimal slukeevne er 268 m³/sek. I tillegg til å produsere på vatn frå ovanforliggande Saurdal kraftverk, forsynast Kvilldal via Lauvastølsvatn og Sandsavatn frå dei mange bekkeinntaka i takrennesystemet. Med høg effektinstallasjon er Kvilldal eit effektverk som har mange start/stopp per år. Kvilldal kraftverk har utløp til Suldalsvatnet.
Kjelder
- Statkraft Energi, Vilkårsrevisjon Ulla-Førre – Revisjonsdokument, dagsett juni 2021, side 24