Skilnad mellom versjonar av «Åraksbø skule»
s (Lenkefiks Hallvard Eldhuset) |
s (Orto) |
||
| (5 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Åraksbø grendehus 090716 (2).jpg|miniatyr|høyre|Skulebygget i Åraksbø | [[Fil:Åraksbø grendehus 090716 (2)-2.jpg|miniatyr|høyre|Skulebygget i Åraksbø 1926–1966, slik det ser ut i dag. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Åraksbø skule''' i [[Bygland]] var i drift frå 1864 til 1966. | '''Åraksbø skule''' i [[Bygland]] var i drift frå 1864 til 1966. | ||
Det første skulebygget låg i «Dølan», på sørsida av [[Bryggevegen (Åraksbø)|Bryggevegen]], på grunnen til garden Urdi. Det var eit lite bygg med fire rom; skulestoge, forstoge og to mindre rom. I 1901 blei skulehuset flytta til ny tomt, i krysset mellom bygdevegen og Bryggevegen. Her var det skule til 1926. Bygget blei seinare nytta av [[Åraksbø Ungdomslag]] til ungdomshus. Det blei rive i 1970-åra. | Det første skulebygget låg i «Dølan», på sørsida av [[Bryggevegen (Åraksbø)|Bryggevegen]], på grunnen til garden [[Urdi (Bygland gnr. 27 bnr. 1)|Urdi]]. Det var eit lite bygg med fire rom; skulestoge, forstoge og to mindre rom. I 1901 blei skulehuset flytta til ny tomt, i krysset mellom bygdevegen og Bryggevegen. Her var det skule til 1926. Bygget blei seinare nytta av [[Åraksbø Ungdomslag]] til ungdomshus. Det blei rive i 1970-åra. | ||
I 1924 blei det gjort vedtak om å bygge nytt skulebygg. Den nye skulen blei bygd ca. 50 meter nord for den gamle, og stod ferdig i 1926. Bygningsmann var [[Kjetil Gakkestad]]. Det er dette bygget som i dag er i bruk som [[Åraksbø grendehus]]. | I 1924 blei det gjort vedtak om å bygge nytt skulebygg. Den nye skulen blei bygd ca. 50 meter nord for den gamle, og stod ferdig i 1926. Bygningsmann var [[Kjetil Gakkestad]]. Det er dette bygget som i dag er i bruk som [[Åraksbø grendehus]]. | ||
| Line 8: | Line 8: | ||
I 1966 blei Åraksbø skule lagt ned. [[Astrid Moi|Astrid Frøysnes]] heldt den siste skuletimen. Elevane blei heretter skyssa til sentralskulen på Bygland. | I 1966 blei Åraksbø skule lagt ned. [[Astrid Moi|Astrid Frøysnes]] heldt den siste skuletimen. Elevane blei heretter skyssa til sentralskulen på Bygland. | ||
[[5. august 2017]] hadde elevane som gjekk på skulen i 1959 | [[5. august 2017]] hadde elevane som gjekk på skulen i 1959 samling i det gamle skulehuset. | ||
== Lærarar == | == Lærarar == | ||
Medan skulen var i dei to første bygga, frå 1864 til 1926, var lærarane der [[Tarald Nilsson Lidtveit]] (f. 1834, d. 1896), [[Åsmund Knutson Sandnes]] (f. 1854, d. 1934), [[Eivind Nereson Bygland]] (f. 1877, d. 1916) og [[Ånund Gunsteinson Skomedal]] (f. 1881, d. 1961). | Medan skulen var i dei to første bygga, frå 1864 til 1926, var lærarane der [[Tarald Nilsson Lidtveit]] (f. 1834, d. 1896), [[Åsmund Knutson Sandnes]] (f. 1854, d. 1934), [[Eivind Nereson Bygland]] (f. 1877, d. 1916) og [[Ånund Gunsteinson Skomedal]] (f. 1881, d. 1961). | ||
Ånund Skomedal var også lærar ei tid i det nye skulebygget, som kom i 1926. Etter han var lærarane der [[Tallak Tarkjelson Frøysnes]] (f. 1911, d. 1983), [[Sigurd Haugen]] (f. 1926), [[Hallvard Eldhuset|Hallvard Torgrimson Eldhuset]] (f. 1914, d. 1976), [[Hallvard Frøysnes]] (f. 1933) og Astrid Frøysnes (f. 1935). | Ånund Skomedal var også lærar ei tid i det nye skulebygget, som kom i 1926. Etter han var lærarane der [[Tallak Tarkjelson Frøysnes]] (f. 1911, d. 1983), [[Sigurd Haugen]] (f. 1926), [[Hallvard Eldhuset|Hallvard Torgrimson Eldhuset]] (f. 1914, d. 1976), [[Hallvard Frøysnes]] (f. 1933) og [[Astrid Moi|Astrid Frøysnes]] (f. 1935). | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side | *[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 260–265 | ||
[[Kategori:Utdanning]] | [[Kategori:Utdanning]] | ||
[[Kategori:Bygninger i Bygland]] | [[Kategori:Bygninger i Bygland]] | ||
[[Kategori:Åraksbø]] | |||
Siste versjonen frå 21. februar 2025 kl. 05:34
Åraksbø skule i Bygland var i drift frå 1864 til 1966.
Det første skulebygget låg i «Dølan», på sørsida av Bryggevegen, på grunnen til garden Urdi. Det var eit lite bygg med fire rom; skulestoge, forstoge og to mindre rom. I 1901 blei skulehuset flytta til ny tomt, i krysset mellom bygdevegen og Bryggevegen. Her var det skule til 1926. Bygget blei seinare nytta av Åraksbø Ungdomslag til ungdomshus. Det blei rive i 1970-åra.
I 1924 blei det gjort vedtak om å bygge nytt skulebygg. Den nye skulen blei bygd ca. 50 meter nord for den gamle, og stod ferdig i 1926. Bygningsmann var Kjetil Gakkestad. Det er dette bygget som i dag er i bruk som Åraksbø grendehus.
I 1966 blei Åraksbø skule lagt ned. Astrid Frøysnes heldt den siste skuletimen. Elevane blei heretter skyssa til sentralskulen på Bygland.
5. august 2017 hadde elevane som gjekk på skulen i 1959 samling i det gamle skulehuset.
Lærarar
Medan skulen var i dei to første bygga, frå 1864 til 1926, var lærarane der Tarald Nilsson Lidtveit (f. 1834, d. 1896), Åsmund Knutson Sandnes (f. 1854, d. 1934), Eivind Nereson Bygland (f. 1877, d. 1916) og Ånund Gunsteinson Skomedal (f. 1881, d. 1961).
Ånund Skomedal var også lærar ei tid i det nye skulebygget, som kom i 1926. Etter han var lærarane der Tallak Tarkjelson Frøysnes (f. 1911, d. 1983), Sigurd Haugen (f. 1926), Hallvard Torgrimson Eldhuset (f. 1914, d. 1976), Hallvard Frøysnes (f. 1933) og Astrid Frøysnes (f. 1935).
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 260–265