Evje Mekaniske Verksted: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Oppdatert 2017
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til et par kategorier
 
Line 17: Line 17:


[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Etableringer i 2001]]
[[Kategori:Opphør i 2017]]

Siste versjonen frå 27. juli 2017 kl. 13:27

Evje Mekaniske Verksted medan verksemda var ved Fennefossen.

Evje Mekaniske Verksted vart starta i 2001 av Sigmund Lislevand. I starten var det eit par tilsette, i 2008 hadde ein om lag 60 tilsette. 45 av desse arbeidde i Kristiansand, der firmaet og har verkstad, og rundt 50 var polske fagarbeidarar.

Første året var omsetninga på om lag to millionar kroner, i 2008 passerte omsetninga 50 millionar. Året etter var omsetninga nesten halvert, til vel 26 millionar, og i 2010 var omsetninga ytterlegare redusert til knapt 19 millionar og talet på tilsette var nede på eit titals personar.

Verkstaden på Evje låg til 2016 ved Fennefossen der det tidlegare var slagghaugar frå gruvedrifta på Flåt og eit industribygg sett opp av Einar Øgrey Industrisand Evje. Hausten 2016 flytta verksemda litt lenger sør, til nye lokale ved Vegstasjonen på veg mot Evjemoen.

I 2017 gjekk Evje Mekaniske Verksted konkurs. SP Stål & Mekanisk overtok dei nye lokala i Bjoråvegen 1, og starta blikkverkstad der.

Kjelder

Eksterne lenker