Øyni: Skilnad mellom versjonar
s Småpuss |
s Bilde |
||
| (4 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste) | |||
| Line 4: | Line 4: | ||
== Namnet == | == Namnet == | ||
[[Fil:Øyni Bygland 070616.jpg|miniatyr|høyre|Øyni med [[Kviteflogi]] i bakgrunnen. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Øyni Bygland 070616.jpg|miniatyr|høyre|Øyni med [[Kviteflogi]] i bakgrunnen. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
Den godkjende skrivemåten hos Statens Kartverk (1966) er ''Øyni''. I daglegtalen i Bygland seier ein gjerne ''Prestøyni'' eller ''Prestøyne''. På folkemunne heitte | Den godkjende skrivemåten hos Statens Kartverk (1966) er ''Øyni''. I daglegtalen i Bygland seier ein gjerne ''Prestøyni'' eller ''Prestøyne''. På folkemunne heitte øya fram til utpå 1700-talet ''Lauvdalsøyni''. Men så kom der etter sigande ein prest, sokneprest [[Peder Christophersen]], som fekk medhald i ei rettsak i 1727 om at øya skulle høyre til prestegarden i Bygland. Etter det vart ho derfor kalla Prestøyni. | ||
== Historie == | == Historie == | ||
På 1800-talet var det to | [[Fil:Prestøyni Bygland 281216 (2).jpg|miniatyr|venstre|Husa på Prestøyni i dag. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
På den tida Øyni kom over til Prestegarden, var ho dekka av skog og bare til nytte som beite. På 1800-talet var det to husmannsplassar på Øyni. Dei siste som budde der på 1800-talet for til Amerika i 1892. Sersjant [[Olav G. Nordgård]] frå [[Byglandsfjord]], som dreiv handel i Bygland, kjøpte øya. Han hadde ho i over 20 år, før han selde ho til [[Eivind K. Bygland]] på Gjesteheimen. Eivind hadde jobba som handelsbetjent for Nordgård i skulehuset på Bygland. I 1989 bygde [[Knut William Bygland]], barnebarnet til Eivind, hus og la ut straum og vatn/avløp til øya. Han budde der i 12 år, men flytta så til [[Langeid]]. I dag eig sonen [[Knut Bygland]] øya. | |||
Seinare statsråd [[Lars Liestøl]] og ein student Geelmeyden minerte i [[Hamregruva]] rundt 1867. Dei leita også etter «koparåra», og skjerpa rundt forbi. Dei var til og med ute på Prestøyni. [[17. mai 1867]], klokka åtte om morgonen, fann student Geelmeyden kopar på øya. Lars Liestøl var også med då. Dei to meinte at Hamregruva stakk opp igjen her. Mannen som då var på øya, skal ikkje ha likt dette. «Eg kunne nok ha opna for dei, men eg vil ikkje, for der er den beste åkeren eg eig», skal han ha sagt.<ref>[[Sigmund Monen]], ''[[Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje]]'', utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 96-97</ref> | Seinare statsråd [[Lars Liestøl]] og ein student Geelmeyden minerte i [[Hamregruva]] rundt 1867. Dei leita også etter «koparåra», og skjerpa rundt forbi. Dei var til og med ute på Prestøyni. [[17. mai 1867]], klokka åtte om morgonen, fann student Geelmeyden kopar på øya. Lars Liestøl var også med då. Dei to meinte at Hamregruva stakk opp igjen her. Mannen som då var på øya, skal ikkje ha likt dette. «Eg kunne nok ha opna for dei, men eg vil ikkje, for der er den beste åkeren eg eig», skal han ha sagt.<ref>[[Sigmund Monen]], ''[[Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje]]'', utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 96-97</ref> | ||
| Line 14: | Line 15: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Reidar Bolling]], ''[[Gards- og ættesoge for Bygland]]'', utgjeve av [[Bygland bygdesogenemnd]], 1952, side 303 | |||
*[http://www.norgeskart.no/?_ga=1.74460694.5882427.1478625567#13/84626/6541106 Norgeskart.no] | *[http://www.norgeskart.no/?_ga=1.74460694.5882427.1478625567#13/84626/6541106 Norgeskart.no] | ||
*Knut William Bygland, opplysningar på Facebook til Geir Daasvatn 8. januar 2017 | *Knut William Bygland, opplysningar på Facebook til Geir Daasvatn 8. januar 2017 | ||
Siste versjonen frå 10. januar 2017 kl. 18:01

Øyni (Prestøyni) er ei lita øy midt i Byglandsfjorden, mellom garden Hamre på vestsida og Lyngnes på austsida av fjorden, litt sør for Bygland sentrum. Det er i dag eitt bustadhus og ein låve på øya.
Namnet

Den godkjende skrivemåten hos Statens Kartverk (1966) er Øyni. I daglegtalen i Bygland seier ein gjerne Prestøyni eller Prestøyne. På folkemunne heitte øya fram til utpå 1700-talet Lauvdalsøyni. Men så kom der etter sigande ein prest, sokneprest Peder Christophersen, som fekk medhald i ei rettsak i 1727 om at øya skulle høyre til prestegarden i Bygland. Etter det vart ho derfor kalla Prestøyni.
Historie

På den tida Øyni kom over til Prestegarden, var ho dekka av skog og bare til nytte som beite. På 1800-talet var det to husmannsplassar på Øyni. Dei siste som budde der på 1800-talet for til Amerika i 1892. Sersjant Olav G. Nordgård frå Byglandsfjord, som dreiv handel i Bygland, kjøpte øya. Han hadde ho i over 20 år, før han selde ho til Eivind K. Bygland på Gjesteheimen. Eivind hadde jobba som handelsbetjent for Nordgård i skulehuset på Bygland. I 1989 bygde Knut William Bygland, barnebarnet til Eivind, hus og la ut straum og vatn/avløp til øya. Han budde der i 12 år, men flytta så til Langeid. I dag eig sonen Knut Bygland øya.
Seinare statsråd Lars Liestøl og ein student Geelmeyden minerte i Hamregruva rundt 1867. Dei leita også etter «koparåra», og skjerpa rundt forbi. Dei var til og med ute på Prestøyni. 17. mai 1867, klokka åtte om morgonen, fann student Geelmeyden kopar på øya. Lars Liestøl var også med då. Dei to meinte at Hamregruva stakk opp igjen her. Mannen som då var på øya, skal ikkje ha likt dette. «Eg kunne nok ha opna for dei, men eg vil ikkje, for der er den beste åkeren eg eig», skal han ha sagt.[1]
Ein annan trugen skjerpar i Bygland, O. G. Lien, skal ha skote eit svært hol i bakken på Prestøyni. Det var så djupt at han måtte heise seg ned med tau. Han leita etter gull, men fann bare kopar.[2]
Kjelder
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 303
- Norgeskart.no
- Knut William Bygland, opplysningar på Facebook til Geir Daasvatn 8. januar 2017
- Matrikkel informasjon om gnr. 47 bnr. 11 i Bygland, henta frå nettsida til Statens Kartverk, vitja 9. januar 2017
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 96-97
- ↑ Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 99, andre spalte